tirsdag 30. mars 2010

På NB Sørensen



Hadde en superkoselig kveld ilag med jobbjentene i går,
med nydelig Chicken Thai og verdens beste ostekake. 

I dag er det ramme alvor med oppgåveskriving og Body Pump,
før påska slår inn for fullt med lammelår hos gode venner imårra kveld. :)

mandag 29. mars 2010

Klare for påske!

 

Mandag er vår faste handledag, så i dag har vi fått fylt opp kjøleskapet igjen. Har skeia litt ut (*kremt* 800 gr smågodt) sidan det er påske, må jo kose oss denne veka sjølv om vi må vere i storbyen. Ville aller aller helst vore heime og gått på ski, vore på hytta på fjellet, og møtt jentene mine til en påskefest eller to... Er faktisk første påska eg ikkje skal vere heime, det blir litt rart!

Her blir det derimot eksamensskriving, jobb og trening, men vi skal lage mykje god mat og få til ein liten påskefest her òg! ;) 






I dag har vi berre sove lenge, slappa av og nytt å ha undervisningsfri, og eg har baka en ny ladning med gode rundstykker til påskefrokostane. 

No skal eg snart til byen og møte Maren til en liten kaffi, før vi møter resten av Kremmerjentene på NB Sørensen for en bedre middag. :) 
Ha en fin kveld!

søndag 28. mars 2010

Birthdaygirl

Då var min 26. (shit) bursdag overstått, 
og det er vel meininga at eg skal begynne å føle meg voksen snart?! 

Bursdagen vart feira i eksamensoppgåveskrivingsrus, med heimelaga pizza og fint selskap. Mange koselige kort låg i postkassa mi og lyste opp dagen (og dagen etter),
mange fine bursdagshelsingar på SMS og telefon, og ikkje minst alle dei fine gåvene!


Fra den søte kjæresten fikk eg gavekort på favorittfrisørsalongen, 
perfekt gåve til fattig og langhåra student. ;)


(fantastisk sjølvportrett tatt med mobilkamera)
Veeeldig god handkrem, finfine Greengate-skeier og serviettar,
og en elskbar topp som eg allereie har innvia - frå to gode venninner


Og så må eg berre vise dåkke den søtaste vesle pengepungen 
eg fikk fra min eks-kollega (snufs) Maren i avskjedsgave. 

- FOR nåken fantastiske venna, familie og kollegaer eg har

mandag 22. mars 2010

Muse-billett i boks!


Med god hjelp fra vår gode venn Bønna har vi fått sikra oss billettar til sommarens Muse-konsert på Koengen i Bergen. Gleeeeda meg! Hadde vel kanskje ikkje trengt å stresse sånn med billettkjøp, sidan der fortsatt er ledige billettar, men best å vere føre var! ;) Berre 126 dagar å vente...

søndag 21. mars 2010

Søndagsmiddag

Endelig tilbake i sofaen med frosne fingre og tær etter en fryktelig dårlig fotballkamp på Viking stadion. Vi held ikkje med heimelaget for å seie det sånn, men akkurat i dag var det ikkje nåke særlig å holde med Brann heller. Det var dårlig dårlig fotball.


Søndagen har likevel vore ein god dag, med både Zumba, Body Pump og god middag ilag med min bedre halvdel. Vi eksperimenterte litt i dag, med utgangspunkt i Matprat si oppskrift på Skinkegrateng

Etter å ha fått tips om å minske mengda væske, halverte vi melkemengden og hadde i kun 3 egg. Vi hadde òg i litt meir krydder enn oppskrifta tilsa, ein heil løk og to fedd kvitløk.

Veldig godt, sunt og enkelt. We like.

fredag 19. mars 2010

Pjusk



Det var ei litt småpjusk jente som våkna heilt tett i pappen i dag tidlig,
og valgte å bli heime for å sjå om formen bedra seg. 


Og etter nåken koppar god og varm Indian Chai, nybaka rundstykker (frå i går)
og et par paracet innabords skal eg nok klare nåken timar på jobb i kveld òg. 

Uten mat og drikke duger helten ikke. Vertfall ikkje dinna helten her. :) Ha en fin fredag!

onsdag 17. mars 2010

Flower Power

Eg har fått en fasinasjon for fine, sommerlige og blomstrete ting i det siste,
men som student har en dessverre ikkje overflod av pengar til å bruke på alt en har lyst på.
Men då må det vere lov å drøyme seg vekk litt, og vindusshopping på nett går an det òg. :)

Skjerf fra HM

Smykke fra HM

Topp fra Cubus 

 
Sengesett fra HM

  Tøysko fra DinSko

Armband fra HM

søndag 14. mars 2010

Gult er kult


Eg berre måååå vise dåkke påska hos Kremmerhuset,
der er så utrulig mykje fint i butikkane no!

En liten & søt nostalgisk harepus har lyst til å vere med meg heim og pynte opp i stova, 
  dei finaste påskeegga skal fyllast med masse påskegodt til koselige kveldar,
og gule & kvitprikkete serviettar, skåler og eggeglas ville vært perfekt til påskefrokosten.

Gleda meg til påske eg!






lørdag 13. mars 2010

Henrietta Rocks!


Likte Sarah sine bilder frå Rottnest Island (Australia)
så godt at eg må berre dele dei med dåkke.


Herregud, sååå vakkert!
I wanna go there! :)

Bildene er lånt frå Sarah Anderson, forgive me

fredag 12. mars 2010

Herlige fredag!


Våkna opp til knallblå himmel og strålande sol, 
med den finaste kjæresten ved siden av meg. 
Eg trur dagen i dag blir finare enn på lenge. 
 Snøen smeltar, sola varmar og eg kan kjenne at våren er på veg. Herlig!

Vi har vore på butikken og handla inn til helga, 
en deig står til heving på kjøkkenbenken og skal snart forvandlast til gode rundstykker, leiligheta skal shinast og bli skinnande rein, før eg tar en liten tur på jobb.
I kveld blir det Taco & TV-kos med kjæresten, just the way I like it.


Ha en nydelig fredag du òg.

onsdag 10. mars 2010

Speltrundstykker

Etter som fleire har etterlyst oppskrift på rundstykkene mine, kjem oppskrifta her.

Ingredienser til 8-10 rundstykker

1 dl Appelsinjuice
1 dl Lettmelk
1 dl Vatn
2 ss Nøytral olje
1 stk Eggeplomme
1 pk  Tørrgjær
1 ts Salt
1 ss Splenda (eller Sukker)
Ca. 1 liter Sikta Speltmjøl

Bland halvparten av mjølet med resten av dei tørre ingrediensane, og bland deretter inn all væska. Tilsett deretter 1-2 dl av mjølet om gongen, og elt det heilt inn for kvar gong.

Forhevast først i 30-40 minutt, bakast deretter ut til 8-10 rundstykker, og etterhevast i 30 minutt.

Penslast med sammenvispa egg, og strø med sesamfrø, valmuefrø eller etter eige ønske.
Eg hadde raspa ost på mesteparten, veeeeldig godt. ;)

Steikast på 225 grader, litt nedanfor midten i ovnen, i cirka 10 minutt. Avkjølast på rist. 

ENJOY :)

tirsdag 9. mars 2010

Bakermester Harepus

Med cappucino i favorittkoppen (at the moment) og PC-ladderen endelig på plass, er eg tilbake i bloggverden. Får nesten litt abstinensa av å vere uten datamaskin, men hadde nok godt av eit par dagar uten, kan bli mange nok timar framfor skjermen som student..

(lova å ikkje vise koppen i kvart einaste innlegg altså...)

Den siste veka har eg hatt litt bakekick. Då eg var heime vart det laga haugevis av muffins og knekkebrød, fredag vart det focaccia og lørdag baka eg fine rundstykker, knallgode! :)


Sidan eg ikkje kan ete kveitemjøl går det for det meste i speltmjøl. Etter at eg fekk boka Bak med spelt til jul (superfin bok med mange gode oppskrifter forresten) har speltbaksten gått leikande lett, og då er det kjekt å bake. Og ka er vel bedre enn fersk gjærbakst? 

fredag 5. mars 2010

Greengate love

Det har vore stille på bloggfronten hos meg den siste veka. Delvis grunna naturlege årsaker, og delvis fordi eg er den største kløna i verden.
 
Då vi forrige torsdag satt på Gardermoen halve dagen, såg vi en episode Life Unexpected (som eg forøvrig anbefala på det sterkaste) for å korte ned på ventetida. På ein eller anna måte har eg då klart å legge igjen strømadapteret til PC'en ved gaten. Veldig irriterande og ei unødvendig ekstrautgift. Nytt adapter er iallefall bestilt, så no får eg berre håpe på bli lottomillionær for å få finansiert alle uventa ekstrautgifter som har kome den siste tida. Havna vel snart i luksusfellen eg òg, tar i mot donasjonar med takk! ;)

Eg nærmar meg med stormskritt min 26. (shit) bursdag og fekk ei koselig bursdagsgåve frå tante, onkel og søskenbarn når eg var heime i helga. Mine to første Greengate Latte koppar og ein søt liten boks fra samme serie! Kjærlighet ved første blikk.

Kan ein forresten nokon gong få nok koppar? Eg trur ikkje det... ;)
 
Blogglisten