fredag 30. april 2010

Sola er min beste venn


Syns dette langtidsvarselet var verdt eit eige innlegg. 
No har det regna i massevis i tre dagar, og eg er klar for SOL!
Sola skal nytast innimellom (u)frivillighetsarbeid for MaiJazz
litt jobb, litt oppgåveskriving og ein etterlengta frisørtime. 

No er det straks tid for jobb for meg, 
men må seie at det ikkje er så aller verst å tilbringe dagen på Kremmerhuset ;)

Fin fredag til deg! ♥

onsdag 28. april 2010

Koselig pakke


Ein koselig pakke og eit enda koseligare brev låg overraskande i postkassa mi ein dag. Innpakka i lilla silkepapir låg to søte skeier og ein finfin brødduk frå Greengate,
no gjenstår det berre å skaffe seg ein brødkurv å ha den i! ;)

(Ingeborg, forlover-Eva dessverre med ryggen til, 
og forlover-Henriette i blå kjole i Ingeborg sitt bryllup sommaren 2009 ;)

Tusen takk, Ingeborg ♥ 
You're the best!

mandag 26. april 2010

Små og søte

Må berre vise dåkke desse bittesmå og søte neglefilene
som eg fann hos Søstrene Grene i dag. 


Betalte den nette sum av 1,24 kroner pr stk! ;)

søndag 25. april 2010

Trening Veke 16

Denne veka har eg hatt ei god treningsveke, god for å vere meg iallefall! ;)

Den har sett slik ut;

Tirsdag: Spinning (60 min)
Torsdag: 7,2 km på tredemølle (60 min)
Fredag: Spinning (45 min)
Søndag: Body Pump (60 min) 

Tredemølleøkta er kanskje ikkje noko å skryte av, men etter som at eg ikkje likar å jogge var dette ganske stort for meg. ;) 

Håpar neste veke blir minst like bra, til tross for at eg har fleire timar på jobb og dermed mindre tid til trening. Motivasjonen er iallefall på topp, og det er herlig å merke at formen betrar seg for kvar gong.


 Motivasjonsbilde ;)

I kveld skal vi til Sandnes Idrettspark og støtte vårt kjære Sogndal på fotballbana, og så håpar eg at eg får tid til å rusle meg en liten tur til nærmaste Brun & Blid. Litt sol på kroppen gjer godt for kropp og sjel!

vi treng litt sunne ideal her i verden! Og det er akkurat det ho er. :)

lørdag 24. april 2010

Eos Lemon Drop


Denne var den einaste som vart med meg heim i dag. 
 Men den er eg veldig fornøgd med altså! ;) 
Med god konsistens, solfaktor 15 og smak av Fox blir nok dette årets favoritt.

Mislykka jakkejakt? Ja, tja, muligens.. Fann ikkje the one,
men eg fann ei mørkebrun skinnjakke som eg vart litt betatt av!
Trur nesten eg må tilbake på mandag og sjå om dei fortsatt har den inne...

fredag 23. april 2010

Thank God It's Friday

Då var energien tilbake, og frifredagen virkelig har blitt brukt for alt den er verdt. Eg har baka rundstykker, vore på spinning, og kjæresten og eg har vaska leiligheta frå topp til tå. No står pizzadeigen til heving og vi skal ligge på sofaen i kveld, med beina på bordet og berre nyte livet. Ahhh. Lenge sidan eg har hatt frihelg no, det skal nytast. 

I morgon blir det rusletur i Stavangers koselige gater ilag med ei venninne. Shopping og lørdagskos i sola (forhåpentligvis). Eg er på jakt etter ei fin vårjakke, er muligens litt seint ute, men håpa på å finne ei likevel.

Kos dåkke og nyt fredagskvelden, for det skal vi! ♥

Åh, eg fekk forresten en fin og koselig pakke i posten i dag! Den får dåkke få sjå i morgon. :)

mandag 19. april 2010

Slappfisk

 

Lange dagar med forelesning, eksamensskriving, jobb og trening tar på. No ligg eg på sofaen under det gode pelspleddet mitt heilt tappa for energi, litt sånn som desse to fine ♥ 

I kveld skal vi kose oss med The Bachelor (en episode og du er hekta...) og Jack Bauer på nye eventyr. På menyen står  steikt ris med egg og kylling (Nam! Matvrak ja.. ;)

Lovar å kome sterkare tilbake på bloggfronten om ikkje så lenge! Skal berre levere eksamensoppgåve, jobbe litt og få tilbake energien i kroppen først ;)

Ha en fin mandagskveld ♥

fredag 16. april 2010

Grove rundstykker

Eksperimenterar stadig vekk med rundstykkeoppskrifta mi, og i dag vart dei heilt perfekte.
Derfor må eg skrive den ned for å klare å lage den lik neste gang, 
og da kan eg jo likesågodt dele den med dåkke. :)

 
 
Du treng
1 pk Tørrgjær
1 liter Sammalt speltmjøl
0,5 liter Sikta speltmjøl (++)
50 g Linfrø
50 g Sesamfrø
75 g Solsikkefrø
1 ss Splenda / Sukker 
1 ts Salt

4 dl Havremelk (!)
2 dl Appelsinjuice
2 dl Vatn
Litt nøytral olje


Først blandar du det tørre, medan du varmar opp melk og juice i ein kasserolle til det blir lunka. Bland deretter væska i mjølblandinga, og ha i litt olje. Rør saman og ha i sikta speltmjøl til deigen er fin og smidig. 

Deigen hevast i 45 minutt på ein lun plass før du bakar ut rundstykker og hevar dei i nye 45. Pensle med vatn og strø med solsikkefrø. 

Steik på 225 grader i 10-15 minutt, til rundstykka er gylne. 
Nysteikte rundstykker med brunost, naaaaam :)

Eg har bytta ut vanlig melk med havremelk, etter som at huda mi reagerer viss eg et eller drikk for mykje melkeprodukt. Rundstykka kan godt lagast med vanlig melk, men smaken av havre er veldig god og dette gjorde susen i rundstykka! :) 

torsdag 15. april 2010

Superstjernehår - here I come!

Eg er ein veldig (!) utolmodig person som ikkje likar å vente, ting skal aller helst skje no - eller med ein gong. Etter å ha venta 18 dagar (inkl. 4 dagar uten postgang i påska!) på shampooen frå Feelunique låg det eeeendelig ein pakkelapp i postkassa i dag!


No gler eg meg til å få superstjernehår med massivt volum! (haha?)
Optimistisk kanskje? Den luktar iallefall vannvittig godt :)


I tillegg låg denne godbiten i postkassa i dag,
dagen er ikkje den samme uten favorittdagkremen

mandag 12. april 2010

Tomāto Tomäto

Det eine faget mitt på universitetet dette semesteret er Event and meeting management, og der er festivalledelse en stor del av pensum. Vi har blitt kjent med fleire festivalar i løpet av våren, og i dag var det Tomatfestivalen på Finnøy sin tur. 


I nyyyydelig sol og knallblå himmel tok vi båten til den vakre øya nord for Stavanger, 
der det vart en fantastisk fin og lærerik dag med ubegrensa tilgang på cherrytomatar. ;) 

 
Fine gjengen på tur ♥




Nåken av tomatane fekk til og med vere med oss heim, 
og vart tilbehør til dagens middag Chili Con Carne :)

lørdag 10. april 2010

Adam (2009)

Eg har lyst til å tipse dåkke om ein fin film vi såg i går. 


Adam handlar om nettopp Adam, en ensom mann med Asperger's syndrom som utviklar eit forhold til den nyinnflytta Beth i overetasjen. Adam er ein koselig, morsom og søt film, og passar godt som underholdning ein fredagskveld, eller ka som helst slags dag i veka. ;) 

Traileren kan du sjå her
Anbefalast :)

Biffy Clyro - Many of Horror

En av mine favoritta akkurat no.
Nydelig, nydelig sang.

torsdag 8. april 2010

Navy blue


Sko: Vans
Bikini: H&M
Neglelakk: Chanel
Topp og shorts: Cubus

onsdag 7. april 2010

Mine fine, kvite Vans


...er ikkje lenger like kvite som dei ein gong var. 
No er dei egentlig meir grå, og eg har eit lite håp om at dei kan bli fine igjen.
Kan eg legge dei i klor, eller vil det ødelegge heile skoen?
Har vaska dei i vaskemaskin før, men syns ikkje det hjalp nåke særlig.. 

Har nåken tips eller triks som kan hjelpe meg,
eller må eg rett og slett berre kjøpe nye? ;)

God morgen

 


Tidlig oppe. (frivillig!)
Trøtt i augene.
Kaffi i koppen.
Frokost i magen.
Kjæresten på jobb. 
Stearinlys på bordet.
P3 morgen på radioen.
Eksamensinnspurt på gang.

God morgen :)

tirsdag 6. april 2010

Tilbake til kvardagen

Skulle så gjerne ønske at påskeferien varte litt lenger, berre litt. Har vore godt å sleppe å ha vekkerklokke på om morningane, sove lenge, ete god mat og berre slappa av. Men no har vi tømt skapa for påskegodt og skal tilbake til kvardagen med hard trening, sunn mat, vekkerklokke og rutine. Skal bli litt godt det òg. :)

Det nærmar seg innspurten på eksamensoppgåva mi, i løpet av morgendagen skal den gjerast ferdig og printast før levering på torsdag. Deretter blir det jobbing resten av veka.

Litt bilder fra søndagsturen til Vannassen;

 




Med mitt nye tubeskjerf fra Gina Tricot, which I love.


Akkurat no står vasking av leilighet på planen, 
før vi skal på butikken og fylle kjøleskapet med sunn mat og gode grønnsaker.
Ha en fin tirsdag! :)

mandag 5. april 2010

Toll / Moms - oppklaring :)

Har fått nåken spørsmål angåande toll og moms på bestillingar frå Feelunique, og utlandet generelt. Her kjem ei lita oppklaring! ;)

Dersom prisen på varen din er under 200 kroner, treng du ikkje vere redd for tilleggskostnadar, varen blir då ikkje momsbelagt.

Etter som Feelunique ikkje har fraktkostnadar på varene sine er ikkje dette et tema her, men generelt sett skal ikkje fraktprisen reknast med. Det vil seie at dersom du kjøper ei vare til 199 kroner og frakta er 51 kroner, får varen en totalpris på 250 kroner totalt. Det er berre varens verdi det skal bereknast moms på. I dette tilfellet blir varen moms- og tollfri. 


For varer over 200 kroner må du betale moms, den ligg på 25% og blir berekna av totalsummen av varens verdi og frakt. Om varene du har bestilt overstiger 200 kroner, reknar du ut totalsummen (vare + frakt) og ganger dette med 1,25, og får då summen du må betale.

Det er òg toll på ein del varer, men dei reglane er litt for kompliserte til å sette seg inn i.

Meir forvirra no? :) DinSide sin toll og moms-kalkulator er veldig fin, enkel å bruke og gir deg svaret med en gang.




I tillegg er faktisk Feelunique så hyggelige at dei tilbakebetaler momsen, det kan du lese meir om hos Hilde Christina. Eg har benytta meg av dette fleire gonger, og pengane er på konto eit par dagar etter at kvittering er sendt på e-post. Fantastisk!

søndag 4. april 2010

Frisørshampoo online




Før (då eg var ung?) kunne eg bruke ka som helst slags shampoo, uten at håret mitt ropte om hjelp. No kan eg ikkje bruke vanlig butikkshampoo før håret reagerer på enten den eine eller den andre måten. Som kjent er frisørshampoo dyrt i salong, iallefall for lommeboka mi. 

MEN, ka har vi internett for? Eg har god erfaring med å bestille shampoo hos feelunique.com, kvalitet til en billigare penge - uten fraktkostnadar. No ventar eg speeeeent på pakke i posten, Tigi Bed Head Superstar Shampoo og Balsam er på veg til meg! Det einaste negative er leveringstida fra England, eg har jo ikkje tolmodighet til sånt - skal helst ha det med en gang! Men den som ventar på nåke godt ventar ikkje forgjeves... ;)

lørdag 3. april 2010

Skumkake / Kokosbollekake

Her kjem oppskrifta på ei søt (!) og god kake, som er veldig enkel å lage.
Sunn? Not at all :) Men det er jo lov å kose seg litt i påska....eller? ;)


Ingrediensar

4 Eggekviter
4 dl Sukker
1 ts Vaniljesukker
6 Plater Gelatin
1 dl Kokande Vatn

Legg gelatinen i kaldt vatn. 
Visp eggekvitene stive og bland i sukker og vaniljesukker, litt om gongen.

Klem vatnet ut av gelatinen og smelt den i det kokande vatnet. 
Rør gelatinen inn i eggekvitemassen og visp kraftig i ca 15 minutt (5 min i maskin).

Dryss litt kokosmasse på eit serveringsfat og sett ringen av ei springform oppå. 
Slå marengsmassen i ringen og sett det kjølig.

Løsne ringen frå den stivna kaka med ein kniv og løft den av.

Glasur

1 plate Kokesjokolade
1 Valnøttstort stykke Delfiafett
3-4 ss Kokosmasse

Smelt sjokoladen saman med fettet og smør glasuren utover kaka og dryss kokosmasse over. Settast kjølig til glasuren er stivna. Om du tar kaka ut av kjøleskapet ein time før den skal serverast, blir sjokoladen mjuk før servering og kaka lettare å skjere opp. 

Server og nyt. ;)

fredag 2. april 2010

Påskepynt


Har ikkje blitt så masse påskepynting her i heimen, men litt har det blitt. 
Greengate-koppen har fått en påskeliljefamilie som midlertidig leigeboer,
og kubbelysa har fått pynte seg med gule silkeband (fra Kremmerhuset).  


Desse små og søte egga vart fylte med masse godt for småfolk, 
og fekk vere med ungane i toppetasjen på hyttetur i påska. 

Vi har faktisk ikkje påskeegg sjølv i år, skandale ;)
Men påskegodt blir det vel nok av uansett...

torsdag 1. april 2010

Påskemiddagsuksess

 (kjæresten sin porsjon altså ;)

Etter som våre gode venner M og A reiser til Paris imåra tidlig tidlig, valgte vi å ta påskemiddagen på forskudd i går. Vertane sto for lammelåret, mens vi laga fløtegratinerte poteter og dessert. For et samarbeid og for en suksess. ;) Heilt nydelig mat og eit par glas rødvin førte til at alle fire låg stappmette og urørlige på sofaen etterpå, men klarte å få i oss litt av den gode Skumkaka likevel. (Oppskrift kjem!)

Har så vidt begynt på eksamensoppgåva mi i dag, men har lagt den i frå meg no. Resten av kvelden blir det sofakos med kjæresten ..og skumlefilmen Orphan, påskegrøss må til!
 
Blogglisten