Etter ei veke med koselig besøk og masse jobbing har eg endelig litt tid til å blogge igjen. No har eg berre ei vakt igjen på jobb før vi flyr til Bergen og Muse-konsert I MÅRA! :)
Herregud eg gleda meg, det MÅ jo berre bli fantastisk bra!
SÅÅÅ glad er eg, etter å ha gjennomført tidenes beste spinningøkt. Dumme YR.no førte oss bak lyset, og ga oss ikkje halvparten av dei soltimane dei hadde lova, så derfor vart det trening istaden. Ei svært god erstatning vil eg sei, god og sliten i kroppen no. Deilig.
Det vil definitivt bli meir spinning framover, hadde heilt gløymt kor kjekt det er! :) Tjoho!
Da har eg endelig tatt helg, finværet er på plass,
og eg er klar for å nyte litt fri før ei full jobbeveke neste veke.
Værvarselet for i morgon ser svært svært lovande ut, og eg har store planar om å ligge langflat i hagen med Predikanten og slikke sol i min nye bikini, grille god mat, og kose meg med kjæresten♥
Ha ei superfantastisk helg, og kos deg masse du òg!
Eg er blitt ein skikkelig lesehest etter at eg tok sommarferie frå skulen,
det er så herlig å kunne lese anna enn pensumlitteratur uten å få dårlig samvittighet. ;)
Krim er min favorittsjanger, og akkurat no er eg i innspurten på Isprinsessen av Camilla Läckberg, som eg anbefalar på det varmaste. Er til tider så spennande at eg ikkje klarar å legge den i frå meg! Gler meg til bok nummer to...og resten av serien! :)
Etter ein passelig lang joggetur med tunge bein i plaskregn, er det godt å kome inn i varmen til ein lang og god dusj, havregrautlunsj med kjæresten, joggebukse og sofakos. Skulle berre ønske eg hadde ein peis å fyre i, det hadde vore toppen av lykke i dag!
Har nettopp satt en brøddeig til heving, så då blir det ferskt brød, god salat, skinke og bearnaisesaus til kveldsmat når kjæresten kjem heim frå jobb i kveld. Ser nok ut til at resten av kvelden blir tilbrakt innandørs for min del - ikkje meg imot i "høststormen"! ;)