mandag 27. september 2010

Bloggchallenge

 

Endelig har nåken (les: Kayso & Martine) tatt initiativet til ein bloggchallenge.
Eg skal delta, og gler meg til å springe kilometer på kilometer før jula ringer inn. ;)  
Veldig godt å ha litt treningsmotivasjon utover hausten, 
no MÅ det jo berre prioriterast mellom (eller framfor?) skule og jobb!
 
Ta på deg joggeskoa og bli med du òg! :)  

tirsdag 21. september 2010

Ut på tur - aldri sur!

Kroppen fortsatt ikkje heilt i form etter ei veke med influensa, 
men bevege seg må ein - enten ein vil det eller ei!
Etter ein lang dag framfor PC'en tok eg på meg ullundertøy og regnkle, 
og rusla ein tur i skogen. Superdeilig! Og ikkje minst deilig å kome inn i varmen etterpå. ;)


Likar å ha skogen så nær. Berre å ta på seg joggeskoa og spasere rett ut i naturen. 
 Men skulle gjerne hatt en liten turkamerat (les: hund), som drog meg med ut litt oftare.. 
Gjer virkelig godt å kome seg ut i frisk luft, både for kropp og sjel.

mandag 20. september 2010

Dream


I skrivande stund er det 10 grader og regn i Stavanger, 
og eg drømmer meg 2 veker tilbake i tid. Skulle gitt masse for å vere der igjen...

Men her er vi iallefall friske og raske, og tilbake i den harde kvardagen med trening, skule og jobb. I går hadde eg mi første treningsøkt på 3 (ups) veker - KNALLhardt, men godt! 

Denne veka skal eg begrave meg i godt lesestoff om diverse klimaproblem og deira påvirkning på turismen, sjølv om eg aller helst har lyst til å gjere alt mulig anna. ;)

mandag 13. september 2010

Betasuppe


Inspirert av Ann Kristin laga vi betasuppe (kjært barn har mange navn) av sunne og gode råvarer i går. Den varme og gode suppa gjorde veldig godt for sjuke og slappe kroppar. Perfekt søndagsmiddag i det kalde haustvêret!

Vi laga ein stor porsjon og det vart meir enn nok til oss to, så no skal eg straks varme opp suppe til kveldsmat. Veldig godt å ha nåke kjapt når begge er seint heime frå jobb. 

Fin mandagskveld til deg ♥

søndag 12. september 2010

This is Africa: Djerba

Vi hadde ei nydeleg veke på den tunisiske øya Djerba
tida gjekk alt for fort og vi hadde veldig lite lyst til å
forlate den vakre øya når heimreisedagen kom.


Ettersom formålet med turen vår var sol, strand og avslapning 
vart det meste av oppholdet vårt tilbrakt med denne utsikta. 
Stranda høyrte til hotellet, og den hadde vi nesten for oss sjølve. 
Vi betalte 9 kroner (2 dinarar) for begge solsengene (på Rhodos betalte vi 70 kr!), nesten gratis jo! ;)
Bortsett frå eit par selgarar (Banan, banan, banaaan) 
og kamelar som spankulerte forbi fekk vi stort sett ligge i fred. ;)


Strendene var krittkvite, sanden fantastisk mjuk og det var nærmare 30 grader i havet.
Eg har aldri bada i så varmt vatn før (utandørs vel å merke ;), vannvittig deilig.


Det blåste ein deilig bris over øya det meste av tida,
som førte med seg små og store bølger, 
bikini på ville veiar og nestendrukningsulykker.


 Vi stifta nye bekjentskap, på både to og fire.
 Og møtte til og med folk heimanifrå, verda er lita!


Ettersom vi budde på SPA-hotell, måtte vi no prøve 'luksusen' vi òg.
Vi bestilte Hammam (tyrkisk bad) for å få skrubba kroppane våre,
for å få eit godt grunnlag før ei veke med soling.
Enkel behandling, men kan ikkje klage når det berre kosta rundt 100-lappen.


Vi åt mykje god mat og drikke, 
og smakte på tunisiske spesialitetar.
Til og med eg (som kan vere litt vanskelig i matvegen pga allergiane), åt godt heile veka.
Det einaste dei ikkje kan i Tunisia er kaffi - den var ikkje god!

 

På Djerba snakka dei arabisk og fransk om kvarandre.
Arabisk når ikkje turistane skal skjønne kva dei seier. ;)
Dei fleste forsto engelsk, men eg var veldig glad for
at eg har hatt 2 år med fransk. Det gjor det til dømes mykje 
enklare å lese menyar og å formidle mine kompliserte matallergiar. ;)
Syns forresten at det arabiske skriftspråket er fasinerande,
kan ikkje forstå at dei klarar å lese dissa krusedullane!


Eine dagen prøvde vi oss på shopping i 'hovudstaden' Houmt Souk.
Det vart ei oppleving vi kunne vore foruten.Tuniserane sto og skreik til oss,
og prøvde å få oppmerksomheten og dra oss med til sin butikk. 
Eg har vore med på shopping i både Tyrkia og Egypt før, men aldri SÅ gale.
Vi får skylde på at det var Ramadan, og dei sikkert hadde lavt blodsukker,
då dei mest sannsynlig ikkje hadde ete på 15 timar. ;)
 Det vart ikkje mykje shopping for å seie det sånn...


Alt i alt hadde vi ei perfekt veke på Djerba, som virkelig kan anbefalast.
Sol, varme, god mat & drikke, smil, latter og kjærleik.
Akkurat det vi trengte før ein våt haust og kald vinter står for tur.

 

lørdag 11. september 2010

Snufs

Kroppen min tålte visst ikkje væromslaget når vi kom heim fra Tunisia. Skulle nok berre blitt der nede i varmen. ;) No ligge eg på sofaen på andre dagen.. Nasa renne konstant, eg e tett i pappen og kroppen e febervarm. Har ikkje tallet på kor mange koppar Chai-te med honning som har gått med, men det er ikkje få. Godt for halsen! ;) 

Blir nok liggande aleine på sofaen i kveld, mens resten av klassen kosar seg på fest(ival). Er det lov å synse litt synd på seg sjølv? ;) Skal nok kose meg eg òg, har heldigvis mange seriar liggande.. Kanskje det blir True Blood-maraton, eller Gossip Girl, eller One Tree Hill.. Viss eg klarar å velge då! ;) 


Nok sjølvmedlidenheit for i dag, eit litt meir positivt Tunisia-innlegg kjem når eg har fått energien tilbake. ;) Ha ei fin helg alle sammen

lørdag 4. september 2010

The view from my sunbed

Treng eg seie at eg ikkje har lyst heim?
 
Blogglisten