torsdag 22. juli 2010

Muse...tomorrow!

Etter ei veke med koselig besøk og masse jobbing har eg endelig litt tid til å blogge igjen. No har eg berre ei vakt igjen på jobb før vi flyr til Bergen og Muse-konsert I MÅRA! :) 


Herregud eg gleda meg, det MÅ jo berre bli fantastisk bra!

fredag 16. juli 2010

Stemning

Mine fine nye telysholdarar frå Kremmerhuset (kor ellers?:)
gir så fint stemningslys når kvelden kjem, og vinden og regnet herjar ute.
Trur rett og slett at værgudane har hoppa over sommaren eg, og gått rett frå vår til haust.

torsdag 15. juli 2010

Say hello


...to my newest friend! 


 

Er den ikkje nydelig? ;)
Gler meg til vi skal tilbringe eit heilt år i lag, og dele alt mellom himmel og jord.

Den er forresten bestilt her, om du òg skulle få lyst på ein personlig almanakk. :)

onsdag 14. juli 2010

Good morning from Stavanger!

Berre kjapt innom for å seie god morgen før eg stikke på jobb. :) 
 Ha en nydelig dag alle

'


søndag 11. juli 2010

Søndagsspinning


SÅÅÅ glad er eg, etter å ha gjennomført tidenes beste spinningøkt. Dumme YR.no førte oss bak lyset, og ga oss ikkje halvparten av dei soltimane dei hadde lova, så derfor vart det trening istaden. Ei svært god erstatning vil eg sei, god og sliten i kroppen no. Deilig.
Det vil definitivt bli meir spinning framover, hadde heilt gløymt kor kjekt det er! :) Tjoho!

lørdag 10. juli 2010

Goooood helg :)


Da har eg endelig tatt helg, finværet er på plass,
og eg er klar for å nyte litt fri før ei full jobbeveke neste veke. 

Værvarselet for i morgon ser svært svært lovande ut, og eg har store planar om å ligge langflat i hagen med Predikanten og slikke sol i min nye bikini, grille god mat, og kose meg med kjæresten

Ha ei superfantastisk helg, og kos deg masse du òg! 


fredag 9. juli 2010

Mine to siste..

..tilskudd til garderoben 
er eit finfint lærbelte frå HM,


..og ein bikini i korall,
lik den eg har frå før som eg er veldig fornøgd med! :) 


Burde vel heller kjøpt regnkle og paraply for å lokke fram sola,
men det er jo mykje kjekkare å kjøpe bikini.. ;)

torsdag 8. juli 2010

Lesehest


Eg er blitt ein skikkelig lesehest etter at eg tok sommarferie frå skulen,
 det er så herlig å kunne lese anna enn pensumlitteratur uten å få dårlig samvittighet. ;) 

Krim er min favorittsjanger, og akkurat no er eg i innspurten på Isprinsessen av Camilla Läckberg, som eg anbefalar på det varmaste. Er til tider så spennande at eg ikkje klarar å legge den i frå meg! Gler meg til bok nummer to...og resten av serien! :)

Har du eit boktips til meg? :)

onsdag 7. juli 2010

Peiskos

Etter ein passelig lang joggetur med tunge bein i plaskregn, er det godt å kome inn i varmen til ein lang og god dusj, havregrautlunsj med kjæresten, joggebukse og sofakos. Skulle berre ønske eg hadde ein peis å fyre i, det hadde vore toppen av lykke i dag!


Har nettopp satt en brøddeig til heving, så då blir det ferskt brød, god salat, skinke og bearnaisesaus til kveldsmat når kjæresten kjem heim frå jobb i kveld. Ser nok ut til at resten av kvelden blir tilbrakt innandørs for min del - ikkje meg imot i "høststormen"! ;)

fredag 2. juli 2010


Min gamle mobil tok brått farvel i forrige veke, 
og eg grubla lenge på kem som skulle få vere etterfølgar. 

Det sto til slutt mellom Iphone og Sony Ericsson Xperia X10 Mini, og valget falt på den siste.
Mykje på grunn av størrelsen, litt fordi eg har vore fornøgd med Sony Ericsson tidligare, 
og i tillegg har den jo alle kvalitetane eg ser etter i ein mobil - pluss litt til. 

Førsteinntrykket er iallefall veldig bra, 
sjølv om det er uvant å skrive uten tastatur. ;) 
Vi skal nok bli gode venna vi to

torsdag 1. juli 2010

A beautiful day!


Slik har utsikta mi vore for det meste av dagen, 
for eg har nemlig ligge ute i hagen med selskap av Isprinsessen, sola meg og nytt fridagen. 
I tillegg har eg jogga 6,5 km, så eg har ikkje berre lata meg altså. ;)

No blir det kvalitetstid med kjæresten og sofaen resten av kvelden.
En smule sliten i beina, bittelitt solbrent
og veldig utolmodig etter å hente min nye bestevenn på posten...
 
Blogglisten