fredag 26. februar 2010

Utålmodig

Gårsdagens heimreise vart litt lenger enn venta, iallefall for utålmodige meg. Én time venting på Sola Lufthavn vart til to,  og 40 minutt venting på Gardermoen vart til tre timar. På grunn av drittsnøen i Stavanger vart flyet forsinka til Gardermoen, og vi kom TO minutt for seint til flyet. Snakk om uflaks! Ingenting som e så irriterande som å sjå at det står "gate closed" mens flyet står rett utfor døra. 


Som plaster på såret fekk vi matkupongar frå Widerøe, men kan ikkje sei at ei flaske vatn og en liten salat hjalp so mykje. Når ein ikkje kan ete kveitemjøl, er det ikkje så mykje flyplassane har å tilby. ;) Kunne gitt mykje for pizzastykkene til kjæresten, gitt. Men så slapp eg no dei ekstra karbohydratane då, takk Widerøe!
 

Siste tilskudd i sminkepungen, og verdens beste mascara, fekk eg kjøpt på liksom-tax-free'en på Gardermoen, så én positiv ting kom jo ut av ventinga. Hurra!

onsdag 24. februar 2010

Vinterferien fekk ei brå vending, då mi gode og snille farmor sovna stille inn natt til tirsdag. Sjølv om ho nærma seg 90 år, var det uventa og veldig trist. Dei to siste dagane har vore harde, og eg har felt mange mange tårer. Eg klarar ikkje heilt å skjønne at ho er borte for alltid. 

I sånne tider er det ikkje så kjekt å bo så langt heimafrå, så i kveld har vi pakka bagane våre og i morgon flyg vi heim. Det skal bli godt å kome heim til familien, men rart å kome heim uten at ho er der...



Kvil i fred, farmor. Du vil alltid vere i hjertet mitt.

tirsdag 23. februar 2010

Lavkarbo Knekkebrød

 

For å lage desse nydelege (men veldig enkle) knekkebrøda treng du


Ingrediensar

200 g Solsikkekjerner  
1 dl Linfrø
1 dl Sesamfrø
2,25 dl Kruskakli / Hvetekli
2 ss Fiberhusk
1 ts Salt
Litt søtt (eg brukte Splenda)
5 dl Vatn

Utstyr

1 Bakebolle
1 Slikkepott
1 Pizzahjul
2 Steikeplater med bakepapir
1 Steikeovn med eller uten varmluft

Sett ovnen på 160 grader.
Bland saman solsikkekjerner, linfrø, 
sesamfrø, kruskakli, salt og Splenda i ein bolle.

 

Ha i 5 desiliter vatn og bland godt.


 Legg bakepapir på to steikeplater
og smør deigen utover platene. 1/2 - 1 cm tjukt lag.
Mine vart litt for tjukke, så prøv å få det så tynt som mulig.


Rut opp knekkebrød med pizzahjul.
Røra skal holde til 32 stk,
som gjev 1,5 karbohydrat per knekkebrød!

Sett dei deretter i ovnen og steik dei i 1 time og 10 minutt.
I varmluftsovn kan du steike to brett om gongen,
la platene bytte plass to gongar undervegs, og snu dei med forsida inn.
I vanlig steikeovn steiker du berre eitt brett om gongen.


Knekkebrøda serverast med godt pålegg,
dei e nesten litt for gode med brunost på!
For å holde dei sprø bør dei oppbevarast i tett (og låsbar?:) boks,
så no har eg tatt fram julekakeboksen min igjen. ;)

mandag 22. februar 2010

Første vinterferiedag

 
...starta veldig bra. En koselig morning ilag med kjæresten før vi reiste på vår vanlige mandagsshopping. Matvarer for heile veka vart handla inn, så no er kjøleskapet stappfullt - og det lika vi! ;) 

Skal prøve å kutte litt på karbohydratane framover, første forsøk på å lage mine egne lavkarbo knekkebrød skjer i kveld. Spennande!

Ellers køyrte vi rundt halve Stavanger og måtte til slutt strippe ei utstillingsdukke for å få tak i en topp som eg har sikla etter... MEN det var verdt det :) I'm lovin' it! 




 


No er eg nesten begynt å bli litt bortskjemt, for det låg jammen en pakke i postkassa i dag òg. 

Viss det er nåke som er sikkert, så er det at eg har verdenes snillaste "sviger"familie, ingen over ingen ved siden.

Fekk nydelige selbusokka og matchande vottar i bursdagsgåve (en månad på forskudd). Perfekt for meg som er frostpinne fra topp til tå og går med ull året rundt. ;)

lørdag 20. februar 2010

Shopping


Etter en lang dag med trasking i shoppingmekka Stavanger, 
var det vannvittig godt å kome heim og synke langt ned i sofaen. 

Har hatt selskap av to av favorittjentene mine i dag, vi har kosa oss med Chai Latte på Bøker & Børst og brukt litt meir pengar enn planlagt. Oops! Men absolutt nødvendig, etter som eg er meir eller mindre bukselaus for tida og nesten berre brukar tights. Etter å ha prøvd nærmare femten bukser, fann eg the one og då kunne eg jo ikkje gå i frå den! 

I tillegg falt eg for denne søte toppen fra BikBok, som eg trur blir finfin til sommeren. :)


I kveld blir det kylling, fløtegratinerte poteter og salat til middag, 
før vi reiser til Sandnes og ser Avatar i 3D. Can't wait! :)

Ha en fin kveld!

fredag 19. februar 2010

Smil


Det er fredag og det er helg. 
Eksamen er vel overstått, og eg sitte med ein god følelse i magen 
- det er sjeldan kost etter eksamen!

Leiligheta er vaska frå topp til tå, sengetøy er skifta, 
og eg bloggar mens min kjære tar siste finishen på golva. 
Jack Johnson i høgttalarane, vinen står i kjøleskapet og godgjer seg,
og snart skal vi sette pizzadeig før gode vennar ramlar inn dørene i kveld. 

Smil, det er fredag. :))

torsdag 18. februar 2010

Sol, sol, kom igjen!

Eg lengtar etter sol & varme, sommer, småsko, tørr asfalt, 
 lyse netter, iskald Corona med lime og solbrun hud.

Og så ønsker eg meg dette skjørtet fra Monki

onsdag 17. februar 2010

Pakkeglede


Sitte her begravd i papir, forelesningsnotatar, permar og bøker. Ikkje akkurat drømmesituasjonen, men eg klagar ikkje. Har god tid (inntil vidare) og har ikkje tenkt å begynne å stresse før imårra. ;)

Postmannen hadde med seg en liten overraskelse til meg i dag, pakkar og brev (som ikkje er rekningar) er alltid hjertelig velkomne i postkassa vår! 




Inni pakken låg dei nyyyydeligaste selbuvottane som verdens finaste kjæreste bestilte til meg til jul. Og no er dei ferdig strikka, heldigvis før sommaren kom. ;) Fargen? Lilla -  så klart! Så no kan vi gjerne utsette våren litt, så eg får brukt vottane mine. Hihi. Eller forresten, den tar eg tilbake. Eg kan no bruke dei neste år òg. Vinteren er lang nok som den er. :)

tirsdag 16. februar 2010

Tilbake til virkeligheten


Etter ei finfin helg med gode venna, deilig mat, fastelavensbolla, og hjertemarshmallows (fra Kremmerhuset, så klart ;) i kakaoen, er det tilbake til kvardagen og eksamenslesing. Og blogging. ;)

Er det ikkje merkelig at en alltid har tid til å blogge i eksamenstida..?
 
Dagane går forhåpentligvis fort fram til eksamen på fredag. Så er det helg igjen, og verdens beste Tonje & Eirik kjem på besøk! Alt for lenge lenge sia sist, så no er det på tide med litt kvalitetstid igjen. ♥

Fint å ha nåke å sjå fram til, slik at lesinga går leikande lett.  God motivasjon i shopping og champagne. ;)

lørdag 13. februar 2010

Dagens fangst

Eg er veldig glad i jobben min på Kremmerhuset, og spesielt no når vi har inne så utrulig masse fine ting. Pengane svir i lommeboka, og små herligheter blir med meg heim både titt og ofte. 

Idag har desse to fine fått lov til å innta sofaen. Har hatt mørkelilla puter lenge, men no er eg blitt veldig glad i den støvlilla fargen! Godt å bytte ut det mørke med lyse, fine vårfargar. :)



Eg falt forresten pladask for desse søte serviettane òg, så dei skal få vere med og feire fastelavn ilag med oss i måra. Og valentinsdagen. Og morsdag. Uten mødre. ;) 

I måra formiddag blir det Zumba, og etterpå må vi jo så klart fylle på igjen med kaloriar. Så da skal vi kose oss med deilige speltbollar med krem, og kanskje en bitteliten kopp kakao? ;) Eg gleda meg allerede!

Korleis skal du tilbringe søndagen? :)

fredag 12. februar 2010

Glorious


Hjertet mitt gjorde et hopp når eg såg at Muse e bekrefta til Hovefestivalen 29. juni. 
Eg har SÅ lyst!! Og no er vi så "nær" at vi berre MÅ reise. Nåken som vil vere med?

torsdag 11. februar 2010

Dagen derpå


Omtrent sånn såg det ut når vi var på Body Pump i går. Gløym rødsprengte ansikt, svettande kroppar og skjelvande leggar og lår. Timen var knallhard, men sååå deilig etterpå! :) 


I dag e eg stiv som en stokk, og det må vel vere et godt tegn? Haha. ;) No må eg berre vere flink og trene litt meir regelmessig. Er heldigvis lenge til bikinisesongen, etter som vi i dag våkna til nysnø igjen, begynne å bli litt (!) lei no. Kom sol, varme og vår! :)

onsdag 10. februar 2010

Tirsdagskos



Etter vel levert eksamen, tok eg meg en velfortent pause ilag med Magnhild. Vi rusla litt rundt i byen i det herlige vinterværet, kjøpte meg en finfin topp og et skjerf på salg. Kupp! ;)

Før eg tok turen på jobb, besøkte vi Sjokoladepiken. Der fekk vi den beste kakaoen eg har smakt i heile mitt liv. Heilt vannvittig god! We will be back..!

lørdag 6. februar 2010

Skrivelørdag

Eg kan ikkje tenke meg en bedre måte å tilbringe lørdagen på. (Jo, eg kan det also...) Eksamen skal leverast tirsdag, og det vil seie at helga må utnyttast til sitt fulle. Men i kveld blir det vin og kos, så no må eg faktisk gjere en liten innsats for å gjere meg fortent til det.

Burde forresten vore mulig å låse PC'en til kun Word-bruk i eksamensperiodane, e så alt for mykje som frista meir enn skriving akkurat no...

fredag 5. februar 2010

Ditch the workout, join the party!

Denne veka har det ikkje blitt mykje trening på meg, men håpa på å ta det igjen neste veke. Då er det gratis å trene for dei som ikkje er medlemmar på SIS Sportssenter, og eg skal dra med Magnhild på mange morsomme tima.

Vi har plana om å prøve oss på Zumba, det ser så utrulig kjekt ut! Så spørs det berre om det er nåke for meg som ikkje har et snev av rytmesans i kroppen...



torsdag 4. februar 2010

Heimlengsel

Er det rart at eg får litt heimlengsel når eg får slike bilder tilsendt frå pappa? 

 
 Saknar fjord og fjell, og å ha skiløypene rett utanfor døra. Tenk om eg kunne tatt skia på beina og rusla av gårde i strålande sol og knallblå himmel, med appelsin og kakao i sekken.

Reality check.
Eksamensoppgåva i Diversity Management er ikkje på langt nær ferdig,
så eg blir nok sittande framfor PC'en i helga òg. Nyt det dei som kan!

tirsdag 2. februar 2010

Kakao i kulden


I dag har eg vore på koselig bytur med Magnhild. Deilig å kunne slappe av, gå på kafé og kose seg litt av og til. Og ikkje minst veldig kjekt å ha gode venninner i nærheten. Fekk kjøpt bursdagsgave til en liten (?) bror og en søt cardigan til meg sjølv. Stavanger e dekka av snø, og no er det så kaldt at det ikkje ser ut som det skal forsvinne med det første heller. Godt vi kan kose oss inne i kulden, no er det kakao og Frustrerte Fruer på gang. Ha en fin kveld du òg! 

mandag 1. februar 2010

Måndagsbarn

Eg e ei av dei som syns det e veldig deilig å ha god tid om morningen. Dusje, bruke lang tid på badet, ete en god frokost og sitte (lenge) foran pc'en med en kopp kaffi og lese siste nytt fra den store verda. Vi har ikkje undervisning denne veka, ergo; eg kan gjere dette kvar morning, hurra! Treng vel ikkje nevne at veka eeeeegentlig er satt av til oppgåveskriving? 

Etter en slow start på dagen pakka eg meg inn i ull og drog med meg joggeskoa ut på tur. Men det å jogge på is og snø, det ekje berre berre!

Sånn ser en ut når en har jogga og e overlykkelig fordi en kom seg heimgjen med alle beina i behold. :) ..raud nase og sminkelaus, lovely!

Kvar søndag lagar kjæresten og eg middagsmeny for den komande veka, og så fær vi på storhandel mandagane. Det anbefala eg dåkke på det sterkaste å prøve. Så deilig å sleppe å stresse med å fundere på ka en skal ha til middag kvar einaste dag. Og så e det jo faktisk økonomisk gunstig.

I dag laga vi en fantastisk kylling- og pastasalat, i et desperat forsøk på å vere sunne. Om den vart sunn veit eg ikkje, men den va iallefall vannvittig god - om eg får lov å seie det sjøl. ;)
 
Blogglisten