søndag 30. mai 2010

Trening Veke 21


Med god hjelp av min gode venn og treningskompis Nike + Ipod 
har eg fått motivasjon til å røre meir på rumpa. ;) 

Denne vekas oppsummering frå Nike ser slik ut;



Neste veke blir det mykje jobbing og lite tid til trening, 
men litt må en vel få til uansett. ;)

Madcon - Min MGP-favoritt

Til tross for (ikkje uventa) norsk "tap" i MGP var det god stemning i stova i går. Vi kosa oss med god drikke, fin underholdning og hadde til og med stemmeskjema. Ingenting var overlatt til tilfeldighetene. ;) 

Eg syns det var heilt greit at Tyskland vann, men eg syns faktisk at den franske sangen var fengande. Reknar med vi får høyre meir av den når det nærmar seg VM i fotball. ;) 

MEN, den aller beste sangen/dansen var denne:

lørdag 29. mai 2010

Grand Prix

I går fekk eg kjæresten min tilbake, og sjølv om han berre hadde vore vekke eit døgn må ein jo feire.. ;) Det vart heimelaga pizza og Cecilie sin heimelaga Smash-is! NAM :) 

Nydelig mobilbilde, trur eg skal bli fotograf. Eller ikkje :)

I kveld blir det Grand Prix-fest med en gjeng fra klassen, 
litt vin, snacks og god stemning. Gleda meg! :) 
E egentlig ikkje nåke særlig MGP-fan, men finalen må jo sjåast!? 
Eg trur dessverre ikkje det blir norsk seier, men håpar vi får litt poeng likevel! ;)

Skal du sjå Grand Prix i kveld? :) Og blir det norsk seier?

fredag 28. mai 2010

Reker og Aïoli

Hadde kooooselig jentekveld i går, og gløymte som vanlig å ta bilder. Typisk meg.
Men vi åt iallefall reker med speltloff, aïoli (sjølvlaga!), sitron, salatblad, majones og alt godt som høyrer med. Nydelig - om eg skal få lov til å seie det sjølv. ;)

Eg har aldri laga Aïoli før, og var egentlig gaaaanske skeptisk når eg såg oppskrifta. Korleis kan kun egg og olje bli majones? Ulogisk i mine auger, men det gjekk faktisk overraskande bra og den vart veldig god. ;)


Aïoli (eller kvitløksmajones)

2 eggeplommer
4 kvitløksfedd
Havsalt
4 dl solsikkeolje
Sitron
.
Hakk opp kvitløksfedd, og mos dei ilag med eggeplommane til ei fin masse. Hell over i ein glassbolle med nokre dråpar kaldt vatn i, og spe sakte med olje mens du vispar heile tida. Eg brukte nok ikkje 4 dl olje, men hadde i olje til eg syns det var ei passelig blanding. Ha i safta av ein halv sitron som avslutning. Enjoy! ;)

torsdag 27. mai 2010

Oppe før fuglane

God morgen! Det er sjelden eg står opp før klokka 05 altså. Kjæresten skal på kurs med jobben, så eg var snill (syns eg sjølv iallefall) og køyrde han til flyplassen. Han kjem ikkje heim før i morgon, så i kveld blir det jentekveld for alle penga. Må jo nytte muligheten, ikkje sant?!:)


Laga scones til kveldsmat i går, enkelt, kjapt og godt. :)
Ikkje heeeilt fornøgd med resultatet, men godkjent som første forsøk!


Vurderte å legge meg igjen når eg kom heim, 
men no har eg istaden kokt kaffi og ventar på P3morgen. 
My favourites ♥  Ha en fiiiiiiiin torsdag!

onsdag 26. mai 2010

Robin Hood

Første sommarferiedag
vart feira med kinodate med kjæresten.


 Robin Hood var ein fantastisk film!
Bør sjåast på kino for best effekt av 
galopperande hestar og susande piler.

  
Og når Chess betalte eine billetten vart det ein enda betre opplevelse. ;)
Likar dealen, den skal definitivt utnyttast fleire gongar!

tirsdag 25. mai 2010

Knekkebrød

Prøvde meg på Cecilie Maria sine "Knallgode Knekkebrød" i går. 
Og jammen hadde ho rett, dei var knallgode!

Bildet er lånt fra Cecilie Maria

Eg delte oppskrifta på 3, og laga berre eitt brett i går, men neste gong skal eg lage fleire. 
Trur eg må kjøpe meg fleire kakeboksar, uten julemønster kanskje?!

I dag blir det en siste finpuss på oppgåva før vi leverer og tar ferie! :)

søndag 23. mai 2010

Trening Veke 20

Denne veka har det blitt så lite trening at det nesten ikkje er vits i å lage innlegg. Men når eg får det svart på kvitt får eg kanskje opp augene og skjerpar meg neste veke. ;) Veka vart veldig kort sidan vi var vekkreiste dei to første dagane, og resten av veka har gått til eksamensskriving, jobbing og en bitteliten avslutningfest med klassen. Og en joggetur da.

Onsdag: Jogging (40 min - uvisst kor langt)

Men no skal det bli slutt på uvissheten. 


Tadaaaaa! 
No har eg gått til anskaffelse av Nike + IPod-sensor igjen. Eg har hatt denne før, men små dingsar er fryktelig lett å rote vekk. Iallefall for en rotekopp som meg. :) Veldig kjekt å kunne telle kilometer, kaloriar, logge øktene på PC'en og følge litt med. 

I kveld skal den (og kjæresten)  få bli med meg på en liten luftetur. Kroppen har veldig godt av å røre litt på seg dagen derpå, etter maaange timar foran PC'en. Siste innspurt på eksamensoppgåva i morgon, levere den på tirsdag...og så; SOMMARFERIE. I like, I like ♥

torsdag 20. mai 2010

Dagens shopping

Bakdelen (eller fordelen?) med å jobbe midt i Stavanger sentrum er at alle 
butikkane ligg litt for nær, og det er lett å stikke innom berre for å "kikke litt".
Eg er fryktelig dårlig på å berre kikke, så eg prøvar å ikkje gjere det for ofte. ;)

Ein fin, basic shorts fra Vero Moda vart resultatet av ein liten rusletur i pausen på jobb. 


Når eg kom heim låg det ein koselig pakke og venta på meg.


Takk til Linn Elisabeth og Brun & Blid som sponsar brunfargen min i år. ;)
Må jo ha brune bein viss eg skal bruke den nye shortsen min....

onsdag 19. mai 2010

Trening Veke 19


Denne veka har det (ikkje uventa) blitt overskudd på god-mat-og-kake-fronten og underskudd på lyst-til-å-trene-fronten. Men det har faktisk blitt meir trening enn eg hadde venta, så gir meg sjølv bittelitt  creds for det. 
 
Mandag: Spinning (45 min)
Fredag: Jogging (4,6 km)
Lørdag: Jogging (8,2 km)

No lengtar eg tilbake til treningssenteret, så i dag må det bli ei økt på spinningsykkelen eller Body Pump. Kanskje begge deler? Ønsker meg ein/ei treningskompis som kan piske meg litt. Anyone? :)

tirsdag 18. mai 2010

@ BGO



Det vart neimen ikkje mykje blogging i helga, dagane har gått SÅ fort! Men vi har kosa oss masse, hatt bunaden på, proppa magane fulle av god mat og søte saker, tilbrakt kvalitetstid med familie og venner, fått oss ein god fest og feira 17. mai på sofaen dagen derpå (fy!?)

Det merkast på kroppen at det har blitt lite søvn. I dag var vi oppe klokka 5 for å rekke å køyre til flyplassen, og i skrivande stund sit vi på Bergen Lufthavn og ventar på å få fly vidare til Stavanger. Berre 4 timar igjen å vente, jammen godt vi har kvar vår laptop og tilgang til internett.

tirsdag 11. mai 2010

Goodbye Stavanger, Hello Stryn!

No er koffertane pakka, flybillettane printa, 
reisesommarfuglane på plass i magen og vi er ready for take-off.
Flyet går tidlig i morgon, så tidlig at det nesten ikkje er vits i å legge seg,
men nåken timar på auget blir det likevel. 


Gleda meg til ei fin helg i lag med familien som eg ikkje har sett på lenge ♥ :)


mandag 10. mai 2010

Kom deg opp av sofaen!


I dag sto eg tiiidlig opp, heiv på meg treningskledene, 
og satt på spinningsykkelen før klokka var 9. 

..og det var før eg visste at 10. mai er Verdens Aktivitetsdag.  
Har du løfta rumpa frå sofaen i dag? :)

søndag 9. mai 2010

Trening Veke 18

Okei, ikkje nåke spesielt å snakke om denne veka. 
Men har eg først begynt denne trenden, så må eg fortsette for motivasjonens skyld. 

 
Denne treningsveka har sett slik ut: 

Onsdag: Spinning (60 min)
Lørdag: Leilighetsvask (2 timar - må jo telle litt?)
Søndag: Body Pump (60 min)

Neste veke blir det sikkert enda mindre trening og enda meir mat,
etter som vi reiser heim til langhelg, konfirmasjon og 17. mai-feiring.
 Meeen eg lovar å ta med meg treningstightsen og joggeskoa, 
så får vi sjå om dei blir liggande i kofferten eller om dei får seg en liten luftetur! ;)

Iskald Corona med lime


Sol og varme ga oss lyst på iskald Corona med lime. Så da blei det iskald Corona med lime - til lørdagsnachosen :) Det var godt å slenge beina oppi sofaen etter nåken timar på jobb og forsømt husarbeid endelig vart tatt.

I dag blir det oppgåveskriving og forhåpentligvis ein tur på treningssenteret (ellers blir det ei begredelig veke på treningsfronten). Heilt greit at sola ikkje skin i Stavanger i dag, eg må jo vere inne likevel. Men onsdag tar eg "ferie", så då er den velkomen tilbake! ;) Fin søndag til deg

lørdag 8. mai 2010

Snart helg


Slik såg himmelen ut i går, og slik ser den ut i dag.
15 grader og sol, deilig!

Kjæresten er reist på jobb, så no skal eg drikke opp frokostkaffien 
før eg setter i gang med å vaske leiligheta. Seinare blir det en liten tur 
på jobb, før eg tar helg og sol og fri og oppgåveskriving skal nytast.

Ha en nydelig lørdag

torsdag 6. mai 2010

På salg hos Gina Tricot


Marineblå t-skjorte og to cardigans i lyseblå og lysegrå 
til den nette sum av 57 kr. Det kan eg like! 


Og så fin kjæreste då,
det likar eg enda bedre :)

mandag 3. mai 2010

Ein smakebit

Våren er her! Endelig. 
Sola skin, fuglane kvitrar og det er vårstemning i Stavanger.




Og ja! Blåbæra e på vei! Tjoho :)

I dag har eg hatt mi siste forelesning dette semesteret,
berre éi oppgåve igjen før eg kan ta sommarferie! Herlig følelse :)

søndag 2. mai 2010

Trening Veke 17

Denne veka kunne ha blitt ei dårlig treningsveke, but turned out to be just fine. Eg har slitt litt med motivasjon, og etter en lang dag på jobb torsdag var det like før eg gjekk heim og la meg på sofaen. Men NEI, eg piska meg sjøl avgårde i regnet og gjennomførte ei god Body Pump-økt. Ganske stolt etterpå då ja. :)


Treningsveka mi har sett slik ut;

Onsdag: Oppvarming på tredemølle (10 min) og Zumba (60 min)
Torsdag: Oppvarming på tredemølle (10 min) og Body Pump (60 minutt)
Søndag: 1 time på tur i skogen med kjæresten og Spinning (type knallhard) (60 minutt)

Godt å ha forbrent litt kaloriar før kveldens bursdagsmiddag med påfølgande Créme Brûlée! Tar meg sjølv den frihet i å ikkje ha dårlig samvittighet for det, klapp på skuldra til meg ;)

1. mai

...vart ikkje brukt til å gå i tog. 
Men fridagen vart godt mottatt likevel.

 Ei ny ladning frokost-, lunsj-, og kvelds-rundstykker vart baka.

 (nydelig mobilportrett som vanlig)

Den nye skinnjakka vart lufta for første gong. 
Koselig å rusle i byen hand i hand med fine kjæresten ♥


Kald vind ga oss lyst på varm sjokolade hos Sjokoladepiken.
Det er sjelden vi går på kafé gitt, men dess koseligare blir det når det først skjer. ;)

I dag har han fine bursdag, så i kveld blir det god middag med
entrecôte, fløtegratinerte poteter, bearnaisesaus og salat på menyen. 
Deretter blir det kinodate og Iron Man 2, bursdagsbarnet bestemmer! ;)
 
Blogglisten