mandag 1. november 2010

Intervalltrening

På veg til trening

I dag fekk eg mitt første møte med skikkelig intervalltrening, då Tonje 'lurte' meg med. Eg trudde eg skulle på intervallspinning, og møtte opp til en mørk og tom spinningsal. Det vart derimot en knallhard time med intervalltrening i sal, etterfulgt av ein god styrketime. Trudde eg skulle dø underveis, men det gjekk bra! Rød som en tomat vart eg iallefall.. ;)

No svir det i leggar og lår, og er eg så sliten i armane at eg slit med å løfte fingrane på tastaturet. ;) Skal jobbe litt meir med oppgåva mi no, før eg skal lage god middag til kjæresten kjem heim fra jobb.   Nyt mandagskvelden du òg!

mandag 18. oktober 2010

Brokkoliwok

...er min favorittmiddag nummer 1 om dagen!
Oppskrifta har eg funne på Trines Mektige Matblogg (som eg brukar både titt og ofte).

I dagens wok hadde eg;

1 Rødløk
1 stor og fin Brokkoli 
1 pakke Stryn-skinke (patriot gitt :)

Hadde verken soltørka tomat eller kvitløk i kjøleskapet, men det er veldig godt i.
Serverast med brød, ris eller pasta.

Enkelt, godt og ikkje minst sunt, NAM! :)

søndag 17. oktober 2010

I'm back!

Eg er tilbake fra en lang lang bloggpause. Dagane har vore fylte med skule og jobb, og det har vore veldig lite tid til alt eg egentlig har lyst til å gjere, til dømes trening & blogg. ;)



Eg er endelig i gong med bloggchallengen, men ligg jo laaangt bak alle dei flinke bloggjentene etter masse tullball med sensoren. Torsdag kom eg i gong, og det vart nærmare 2 mil i helga. I dag fekk dei stive beina mine rista litt laus med Zumba, og det gjorde godt! :) No er eg klar for enda fleire kilometer neste veke. :)

På sjølvaste epledagen ga våre snille husvertar oss ein stooor pose med gode norske epler, så i kveld blir det eplepai til vår faste søndagssyssel; Åndenes Makt.

Ha en fin kveld fint folk

mandag 27. september 2010

Bloggchallenge

 

Endelig har nåken (les: Kayso & Martine) tatt initiativet til ein bloggchallenge.
Eg skal delta, og gler meg til å springe kilometer på kilometer før jula ringer inn. ;)  
Veldig godt å ha litt treningsmotivasjon utover hausten, 
no MÅ det jo berre prioriterast mellom (eller framfor?) skule og jobb!
 
Ta på deg joggeskoa og bli med du òg! :)  

tirsdag 21. september 2010

Ut på tur - aldri sur!

Kroppen fortsatt ikkje heilt i form etter ei veke med influensa, 
men bevege seg må ein - enten ein vil det eller ei!
Etter ein lang dag framfor PC'en tok eg på meg ullundertøy og regnkle, 
og rusla ein tur i skogen. Superdeilig! Og ikkje minst deilig å kome inn i varmen etterpå. ;)


Likar å ha skogen så nær. Berre å ta på seg joggeskoa og spasere rett ut i naturen. 
 Men skulle gjerne hatt en liten turkamerat (les: hund), som drog meg med ut litt oftare.. 
Gjer virkelig godt å kome seg ut i frisk luft, både for kropp og sjel.

mandag 20. september 2010

Dream


I skrivande stund er det 10 grader og regn i Stavanger, 
og eg drømmer meg 2 veker tilbake i tid. Skulle gitt masse for å vere der igjen...

Men her er vi iallefall friske og raske, og tilbake i den harde kvardagen med trening, skule og jobb. I går hadde eg mi første treningsøkt på 3 (ups) veker - KNALLhardt, men godt! 

Denne veka skal eg begrave meg i godt lesestoff om diverse klimaproblem og deira påvirkning på turismen, sjølv om eg aller helst har lyst til å gjere alt mulig anna. ;)

mandag 13. september 2010

Betasuppe


Inspirert av Ann Kristin laga vi betasuppe (kjært barn har mange navn) av sunne og gode råvarer i går. Den varme og gode suppa gjorde veldig godt for sjuke og slappe kroppar. Perfekt søndagsmiddag i det kalde haustvêret!

Vi laga ein stor porsjon og det vart meir enn nok til oss to, så no skal eg straks varme opp suppe til kveldsmat. Veldig godt å ha nåke kjapt når begge er seint heime frå jobb. 

Fin mandagskveld til deg ♥
 
Blogglisten