I dag fekk eg mitt første møte med skikkelig intervalltrening, då Tonje 'lurte' meg med. Eg trudde eg skulle på intervallspinning, og møtte opp til en mørk og tom spinningsal. Det vart derimot en knallhard time med intervalltrening i sal, etterfulgt av ein god styrketime. Trudde eg skulle dø underveis, men det gjekk bra! Rød som en tomat vart eg iallefall.. ;)
No svir det i leggar og lår, og er eg så sliten i armane at eg slit med å løfte fingrane på tastaturet. ;) Skal jobbe litt meir med oppgåva mi no, før eg skal lage god middag til kjæresten kjem heim fra jobb. ♥Nyt mandagskvelden du òg!
Eg er tilbake fra en lang lang bloggpause. Dagane har vore fylte med skule og jobb, og det har vore veldig lite tid til alt eg egentlig har lyst til å gjere, til dømes trening & blogg. ;)
Eg er endelig i gong med bloggchallengen, men ligg jo laaangt bak alle dei flinke bloggjentene etter masse tullball med sensoren. Torsdag kom eg i gong, og det vart nærmare 2 mil i helga. I dag fekk dei stive beina mine rista litt laus med Zumba, og det gjorde godt! :) No er eg klar for enda fleire kilometer neste veke. :)
På sjølvaste epledagen ga våre snille husvertar oss ein stooor pose med gode norske epler, så i kveld blir det eplepai til vår faste søndagssyssel; Åndenes Makt.
I skrivande stund er det 10 grader og regn i Stavanger,
og eg drømmer meg 2 veker tilbake i tid. Skulle gitt masse for å vere der igjen...
Men her er vi iallefall friske og raske, og tilbake i den harde kvardagen med trening, skule og jobb. I går hadde eg mi første treningsøkt på 3 (ups) veker - KNALLhardt, men godt!
Denne veka skal eg begrave meg i godt lesestoff om diverse klimaproblem og deira påvirkning på turismen, sjølv om eg aller helst har lyst til å gjere alt mulig anna. ;)
Inspirert av Ann Kristin laga vi betasuppe (kjært barn har mange navn) av sunne og gode råvarer i går. Den varme og gode suppa gjorde veldig godt for sjuke og slappe kroppar. Perfekt søndagsmiddag i det kalde haustvêret!
Vi laga ein stor porsjon og det vart meir enn nok til oss to, så no skal eg straks varme opp suppe til kveldsmat. Veldig godt å ha nåke kjapt når begge er seint heime frå jobb.