lørdag 28. august 2010

Kremmerhusfavoritt

Dei siste vekene har det kome inn SÅ mykje
nytt og fint hos oss på Kremmerhuset!
Fine tekstilar, koselige pynteting og kule skilt.

Her er ein av mine favorittar...


Så sant, så sant! ;)

Laurdagen skal eg tilbringe på jobb (siste vakt før ferie!!),
etterfulgt av klesvask og småpakking, før det blir kino med gode vennar i kveld.

Fin laurdag til deg ♥         

fredag 27. august 2010

Ferielektyre

Det nærmar seg avreise (iiiiiik!)
og eg e begynt å skrive pakkeliste og planlegge litt. ;)
Å finne ferielektyre står no på agendaen, og då treng eg litt hjelp!

Har plukka opp litt boktips her og der, men tar gjerne i mot fleire. :)

onsdag 25. august 2010

Onsdagskveld


En trøtt og sliten kropp i sofakroken.
Sjokoladekaffi, joggebukse og ullsokka.
En episode Pretty Little Liars (anbefalast!)
Kos i armkroken til kjæresten.
Finfin onsdagskveld.

tirsdag 24. august 2010

Nytt og nyttig ;)

Vi har koselig besøk av min pappa no, 
og han hadde med seg en gave fra tante Elisabeth og kusine Eline når han kom.


Spennande?!


Inni der låg to nye fine
Green Gate-vennar ♥ I like, I like!

Ha en fin tirsdag alle, no skal eg til frisøren og bli dulla med..hihi :)

søndag 22. august 2010

Proteinkaffi

Med ein kjæreste som jobbar på XXL får ein enkelte frynsegoder. 
Denne gongen har eg fått prøve Tech Nutrition sin SPREK Proteinsmoothie
med smakane Blåbær/Bringebær og Kaffe Latte.

Proteinpulveret med Kaffe Latte-smak blanda eg med 
1 dl melk og 2 dl kaffi, og det falt absolutt i smak!
Sunt og godt :)

onsdag 18. august 2010

Proteinpannekaker


Tidlig tidlig oppe for å køyre min kjære til flyplassen i dag, 
og når ein først er oppe er det dumt å gå å legge seg igjen. 
Derfor drog eg med meg Tonje på morgenspinning, 
og klokka 06.45 satt vi på sykkelen og svetta ein liten time.
Herlig start på dagen!


I dag vart det Proteinpannekaker til frokost, 
inspirert av Tonje og Tone. ;) 
 
2 heile egg
3 eggekvitar
2 spiseskeier havregryn
1/3 boks cottage cheese

Bland røra saman og steik i smør på steikepanne. 
Server med friske bær eller syltetøy. :)

Næringsinnhald i heile røra;
371 kcal
14,4 g karbohydrat
40,1 g protein
16,8 g fett

(Røra kan fint delast i to, setjast i kjøleskapet og brukast både til frokost og lunsj)

søndag 15. august 2010

Alias

Endelig er mi kjære Tonje på plass i byen, og vi har hatt ei trivelig helg i lag.
Fine venna, god mat, kald øl, latter og glede. Just the way I like it.

I går vart Jan min og eg introduserte for brettspelet Alias, og DET likte eg! 
Trur eg no har funne mitt favorittspel per dags dato. Hakk i hel følger Quackle så klart.. ;) 

Eg har egentlig aldri vore nåke spelemenneske....men det er vel aldri for seint å bli det?! ;) 
Vi hadde det iallefall veldig kjekt, og sjølvsagt vann jentene. Girlpower!

Ka e ditt favorittbrettspel? :)

onsdag 11. august 2010

Nam! :)

Min nyaste favoritt;
cottage cheese med eplesyltetøy og masse kanel. 


 Godt som mellommåltid, snacks, 
til frokost, kvelds eller lunsj.
 

100 gram CC
1 ss Nora Naturlig Lett Eplesyltetøy
 1 ts kanel

Næringsinnhald 
i heile porsjonen:

125 kcal
7,7 g karbohydrat
12,8 g protein
4,3 g fett

tirsdag 10. august 2010

Preikestolen (604 moh)

Er fortsatt ein smule sliten i beina etter ei veke med mange kilometer i joggeskoa. Laurdag hadde vi ein finfin tur til Preikestolen, men må innrømme at det vart litt hardt for beina mine. Ikkje berre-berre å holde følge med to overtrente toppidrettsutøvarar (nesten iallefall). ;)


Estimert tid éin veg er 2 timar, men vi brukte 1 time og 15 min på turen opp, og litt mindre nedatt. Eg syns det var (meir enn) bra, sjølv om enkelte meinte at vi tok det rolig (?!?), og kunne ha klart det raskare. Jaja. Fjelltur er kosetur for meg, ikkje treningsøkt. ;)


Deilig var det iallefall å nå toppen, og sjå den fantastiske utsikta. Litt skeptisk til å nærme meg kanten, så dette var vel det nærmaste eg var. Enkelte var tøffare enn andre, eg fekk litt angst av å sjå turistane som sat og dingla med beina utfor kanten i den sterke vinden!
 .
 

fredag 6. august 2010

Ferien går til...

Då var årets ferie bestilt, 
og turen går til den nydelige øya Djerba i Tunisia. 

Gler meg til kvalitetstid med kjæresten,
sol, varme, late dagar på krittkvite strender, 
 og avkjøling i turkisblått hav. Ahhh.

Det høljeregnar i Stavanger i dag,
så det er veldig deilig å ha nåke å sjå fram til!

Nåken som har erfaringar frå Djerba som dei vil dele? :)

torsdag 5. august 2010

Frokostfavoritt

Prøvde og feila, og prøvde igjen. Men no har eg funne ein smoothiefavoritt som er utrulig god og som held meg mett til lunsj. På Rema1000 har dei 800 grams posar med Smoothieblanding (Blåbær, Bringebær og Banan) frå Norrek som passar perfekt til frokostbruk.

 
Min frokostsmoothie blir laga kvar morgon,
og oppskrifta ser no slik ut:

2 eller 3 rå egg
100 gr Smoothieblanding
1 dl vatn
1/2 banan


 Burde egentlig hatt olje i - for eit komplett måltid,
men har ikkje fått tak i MCT-oljen enda. Men snart snart! 

onsdag 4. august 2010

Treningsmodus


Juli vart ein dårlig månad både på trenings- og bloggfronten,
men no e eg endelig i gong igjen.

På kveldstur med kjæresten rundt Vannassen.

Søndag var det knallhard spinning, og mandag og tirsdag sto eg frivillig opp kl.7 (skryteskryte) hoppa i treningskleda og sprang rett ut i marka før jobb. Deilig! Etterpå iallefall.. ;)

I dag måtte eg derimot ha ein "kviledag" med diverse forefallande husarbeid og brødbaking, men imåra blir det ei ny spinningøkt, og så husvask då! :) Må gjere klart til fint besøk i helga. Vi skal nemlig på fjelltur til Preikestolen, e jo derfor eg ligg i hardtrening! ;)

søndag 1. august 2010

Must see!

Om du skal sjå berre éin film -
i dag, i måra, i sommar eller i 2010, 
sjå The Blind Side! 


 
Blogglisten