Viser innlegg med etiketten Kosemat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kosemat. Vis alle innlegg

lørdag 3. april 2010

Skumkake / Kokosbollekake

Her kjem oppskrifta på ei søt (!) og god kake, som er veldig enkel å lage.
Sunn? Not at all :) Men det er jo lov å kose seg litt i påska....eller? ;)


Ingrediensar

4 Eggekviter
4 dl Sukker
1 ts Vaniljesukker
6 Plater Gelatin
1 dl Kokande Vatn

Legg gelatinen i kaldt vatn. 
Visp eggekvitene stive og bland i sukker og vaniljesukker, litt om gongen.

Klem vatnet ut av gelatinen og smelt den i det kokande vatnet. 
Rør gelatinen inn i eggekvitemassen og visp kraftig i ca 15 minutt (5 min i maskin).

Dryss litt kokosmasse på eit serveringsfat og sett ringen av ei springform oppå. 
Slå marengsmassen i ringen og sett det kjølig.

Løsne ringen frå den stivna kaka med ein kniv og løft den av.

Glasur

1 plate Kokesjokolade
1 Valnøttstort stykke Delfiafett
3-4 ss Kokosmasse

Smelt sjokoladen saman med fettet og smør glasuren utover kaka og dryss kokosmasse over. Settast kjølig til glasuren er stivna. Om du tar kaka ut av kjøleskapet ein time før den skal serverast, blir sjokoladen mjuk før servering og kaka lettare å skjere opp. 

Server og nyt. ;)

torsdag 1. april 2010

Påskemiddagsuksess

 (kjæresten sin porsjon altså ;)

Etter som våre gode venner M og A reiser til Paris imåra tidlig tidlig, valgte vi å ta påskemiddagen på forskudd i går. Vertane sto for lammelåret, mens vi laga fløtegratinerte poteter og dessert. For et samarbeid og for en suksess. ;) Heilt nydelig mat og eit par glas rødvin førte til at alle fire låg stappmette og urørlige på sofaen etterpå, men klarte å få i oss litt av den gode Skumkaka likevel. (Oppskrift kjem!)

Har så vidt begynt på eksamensoppgåva mi i dag, men har lagt den i frå meg no. Resten av kvelden blir det sofakos med kjæresten ..og skumlefilmen Orphan, påskegrøss må til!

tirsdag 30. mars 2010

På NB Sørensen



Hadde en superkoselig kveld ilag med jobbjentene i går,
med nydelig Chicken Thai og verdens beste ostekake. 

I dag er det ramme alvor med oppgåveskriving og Body Pump,
før påska slår inn for fullt med lammelår hos gode venner imårra kveld. :)

onsdag 10. mars 2010

Speltrundstykker

Etter som fleire har etterlyst oppskrift på rundstykkene mine, kjem oppskrifta her.

Ingredienser til 8-10 rundstykker

1 dl Appelsinjuice
1 dl Lettmelk
1 dl Vatn
2 ss Nøytral olje
1 stk Eggeplomme
1 pk  Tørrgjær
1 ts Salt
1 ss Splenda (eller Sukker)
Ca. 1 liter Sikta Speltmjøl

Bland halvparten av mjølet med resten av dei tørre ingrediensane, og bland deretter inn all væska. Tilsett deretter 1-2 dl av mjølet om gongen, og elt det heilt inn for kvar gong.

Forhevast først i 30-40 minutt, bakast deretter ut til 8-10 rundstykker, og etterhevast i 30 minutt.

Penslast med sammenvispa egg, og strø med sesamfrø, valmuefrø eller etter eige ønske.
Eg hadde raspa ost på mesteparten, veeeeldig godt. ;)

Steikast på 225 grader, litt nedanfor midten i ovnen, i cirka 10 minutt. Avkjølast på rist. 

ENJOY :)
 
Blogglisten