Eksperimenterar stadig vekk med rundstykkeoppskrifta mi, og i dag vart dei heilt perfekte.
Derfor må eg skrive den ned for å klare å lage den lik neste gang,
og da kan eg jo likesågodt dele den med dåkke. :)

Du treng
1 pk Tørrgjær
1 liter Sammalt speltmjøl
0,5 liter Sikta speltmjøl (++)
50 g Linfrø
50 g Sesamfrø
75 g Solsikkefrø
1 ss Splenda / Sukker
1 ts Salt
1 ts Salt
4 dl Havremelk (!)
2 dl Appelsinjuice
2 dl Vatn
Litt nøytral olje
Først blandar du det tørre, medan du varmar opp melk og juice i ein kasserolle til det blir lunka. Bland deretter væska i mjølblandinga, og ha i litt olje. Rør saman og ha i sikta speltmjøl til deigen er fin og smidig.
Deigen hevast i 45 minutt på ein lun plass før du bakar ut rundstykker og hevar dei i nye 45. Pensle med vatn og strø med solsikkefrø.
Steik på 225 grader i 10-15 minutt, til rundstykka er gylne.
Nysteikte rundstykker med brunost, naaaaam :)
Eg har bytta ut vanlig melk med havremelk, etter som at huda mi reagerer viss eg et eller drikk for mykje melkeprodukt. Rundstykka kan godt lagast med vanlig melk, men smaken av havre er veldig god og dette gjorde susen i rundstykka! :)









