Eg har veldig lett for å bli matlei, spesielt med tanke på frokosten.
Men om sommaren fristar frukt og bær ekstra mykje, og ikkje minst smoothie!
Googla 'frokostsmoothie' og fann mange gode (og sunne!) oppskrifter,
vart inspirert og sykla til butikken for å handle inn litt godsaker. ;)
2 egg
2 ts Splenda
100 g frosne jordbær
2 ss olivenolje
0,5 dl soyamelk med vaniljesmak
Eg vispa egga ilag med Splenda til eggedosis, og hadde deretter resten av ingrediensane i blenderen.
Med desse ingrediensane får ein eit komplett måltid med protein og fett, og ein held seg mett lenge. I dei fleste oppskriftene vart det anbefalt kokosolje eller olje med lite smak, men eg tok det eg hadde her heime. Skjønnar no kvifor. ;)
Note to self:
- Få tak i olje uten smak (f.eks. MCT-olje)
- Kjøp sugerør! ;)


