fredag 26. februar 2010

Utålmodig

Gårsdagens heimreise vart litt lenger enn venta, iallefall for utålmodige meg. Én time venting på Sola Lufthavn vart til to,  og 40 minutt venting på Gardermoen vart til tre timar. På grunn av drittsnøen i Stavanger vart flyet forsinka til Gardermoen, og vi kom TO minutt for seint til flyet. Snakk om uflaks! Ingenting som e så irriterande som å sjå at det står "gate closed" mens flyet står rett utfor døra. 


Som plaster på såret fekk vi matkupongar frå Widerøe, men kan ikkje sei at ei flaske vatn og en liten salat hjalp so mykje. Når ein ikkje kan ete kveitemjøl, er det ikkje så mykje flyplassane har å tilby. ;) Kunne gitt mykje for pizzastykkene til kjæresten, gitt. Men så slapp eg no dei ekstra karbohydratane då, takk Widerøe!
 

Siste tilskudd i sminkepungen, og verdens beste mascara, fekk eg kjøpt på liksom-tax-free'en på Gardermoen, så én positiv ting kom jo ut av ventinga. Hurra!

onsdag 24. februar 2010

Vinterferien fekk ei brå vending, då mi gode og snille farmor sovna stille inn natt til tirsdag. Sjølv om ho nærma seg 90 år, var det uventa og veldig trist. Dei to siste dagane har vore harde, og eg har felt mange mange tårer. Eg klarar ikkje heilt å skjønne at ho er borte for alltid. 

I sånne tider er det ikkje så kjekt å bo så langt heimafrå, så i kveld har vi pakka bagane våre og i morgon flyg vi heim. Det skal bli godt å kome heim til familien, men rart å kome heim uten at ho er der...



Kvil i fred, farmor. Du vil alltid vere i hjertet mitt.

tirsdag 23. februar 2010

Lavkarbo Knekkebrød

 

For å lage desse nydelege (men veldig enkle) knekkebrøda treng du


Ingrediensar

200 g Solsikkekjerner  
1 dl Linfrø
1 dl Sesamfrø
2,25 dl Kruskakli / Hvetekli
2 ss Fiberhusk
1 ts Salt
Litt søtt (eg brukte Splenda)
5 dl Vatn

Utstyr

1 Bakebolle
1 Slikkepott
1 Pizzahjul
2 Steikeplater med bakepapir
1 Steikeovn med eller uten varmluft

Sett ovnen på 160 grader.
Bland saman solsikkekjerner, linfrø, 
sesamfrø, kruskakli, salt og Splenda i ein bolle.

 

Ha i 5 desiliter vatn og bland godt.


 Legg bakepapir på to steikeplater
og smør deigen utover platene. 1/2 - 1 cm tjukt lag.
Mine vart litt for tjukke, så prøv å få det så tynt som mulig.


Rut opp knekkebrød med pizzahjul.
Røra skal holde til 32 stk,
som gjev 1,5 karbohydrat per knekkebrød!

Sett dei deretter i ovnen og steik dei i 1 time og 10 minutt.
I varmluftsovn kan du steike to brett om gongen,
la platene bytte plass to gongar undervegs, og snu dei med forsida inn.
I vanlig steikeovn steiker du berre eitt brett om gongen.


Knekkebrøda serverast med godt pålegg,
dei e nesten litt for gode med brunost på!
For å holde dei sprø bør dei oppbevarast i tett (og låsbar?:) boks,
så no har eg tatt fram julekakeboksen min igjen. ;)

mandag 22. februar 2010

Første vinterferiedag

 
...starta veldig bra. En koselig morning ilag med kjæresten før vi reiste på vår vanlige mandagsshopping. Matvarer for heile veka vart handla inn, så no er kjøleskapet stappfullt - og det lika vi! ;) 

Skal prøve å kutte litt på karbohydratane framover, første forsøk på å lage mine egne lavkarbo knekkebrød skjer i kveld. Spennande!

Ellers køyrte vi rundt halve Stavanger og måtte til slutt strippe ei utstillingsdukke for å få tak i en topp som eg har sikla etter... MEN det var verdt det :) I'm lovin' it! 




 


No er eg nesten begynt å bli litt bortskjemt, for det låg jammen en pakke i postkassa i dag òg. 

Viss det er nåke som er sikkert, så er det at eg har verdenes snillaste "sviger"familie, ingen over ingen ved siden.

Fekk nydelige selbusokka og matchande vottar i bursdagsgåve (en månad på forskudd). Perfekt for meg som er frostpinne fra topp til tå og går med ull året rundt. ;)

lørdag 20. februar 2010

Shopping


Etter en lang dag med trasking i shoppingmekka Stavanger, 
var det vannvittig godt å kome heim og synke langt ned i sofaen. 

Har hatt selskap av to av favorittjentene mine i dag, vi har kosa oss med Chai Latte på Bøker & Børst og brukt litt meir pengar enn planlagt. Oops! Men absolutt nødvendig, etter som eg er meir eller mindre bukselaus for tida og nesten berre brukar tights. Etter å ha prøvd nærmare femten bukser, fann eg the one og då kunne eg jo ikkje gå i frå den! 

I tillegg falt eg for denne søte toppen fra BikBok, som eg trur blir finfin til sommeren. :)


I kveld blir det kylling, fløtegratinerte poteter og salat til middag, 
før vi reiser til Sandnes og ser Avatar i 3D. Can't wait! :)

Ha en fin kveld!

fredag 19. februar 2010

Smil


Det er fredag og det er helg. 
Eksamen er vel overstått, og eg sitte med ein god følelse i magen 
- det er sjeldan kost etter eksamen!

Leiligheta er vaska frå topp til tå, sengetøy er skifta, 
og eg bloggar mens min kjære tar siste finishen på golva. 
Jack Johnson i høgttalarane, vinen står i kjøleskapet og godgjer seg,
og snart skal vi sette pizzadeig før gode vennar ramlar inn dørene i kveld. 

Smil, det er fredag. :))

torsdag 18. februar 2010

Sol, sol, kom igjen!

Eg lengtar etter sol & varme, sommer, småsko, tørr asfalt, 
 lyse netter, iskald Corona med lime og solbrun hud.

Og så ønsker eg meg dette skjørtet fra Monki

 
Blogglisten