søndag 30. mai 2010

Trening Veke 21


Med god hjelp av min gode venn og treningskompis Nike + Ipod 
har eg fått motivasjon til å røre meir på rumpa. ;) 

Denne vekas oppsummering frå Nike ser slik ut;



Neste veke blir det mykje jobbing og lite tid til trening, 
men litt må en vel få til uansett. ;)

Madcon - Min MGP-favoritt

Til tross for (ikkje uventa) norsk "tap" i MGP var det god stemning i stova i går. Vi kosa oss med god drikke, fin underholdning og hadde til og med stemmeskjema. Ingenting var overlatt til tilfeldighetene. ;) 

Eg syns det var heilt greit at Tyskland vann, men eg syns faktisk at den franske sangen var fengande. Reknar med vi får høyre meir av den når det nærmar seg VM i fotball. ;) 

MEN, den aller beste sangen/dansen var denne:

lørdag 29. mai 2010

Grand Prix

I går fekk eg kjæresten min tilbake, og sjølv om han berre hadde vore vekke eit døgn må ein jo feire.. ;) Det vart heimelaga pizza og Cecilie sin heimelaga Smash-is! NAM :) 

Nydelig mobilbilde, trur eg skal bli fotograf. Eller ikkje :)

I kveld blir det Grand Prix-fest med en gjeng fra klassen, 
litt vin, snacks og god stemning. Gleda meg! :) 
E egentlig ikkje nåke særlig MGP-fan, men finalen må jo sjåast!? 
Eg trur dessverre ikkje det blir norsk seier, men håpar vi får litt poeng likevel! ;)

Skal du sjå Grand Prix i kveld? :) Og blir det norsk seier?

fredag 28. mai 2010

Reker og Aïoli

Hadde kooooselig jentekveld i går, og gløymte som vanlig å ta bilder. Typisk meg.
Men vi åt iallefall reker med speltloff, aïoli (sjølvlaga!), sitron, salatblad, majones og alt godt som høyrer med. Nydelig - om eg skal få lov til å seie det sjølv. ;)

Eg har aldri laga Aïoli før, og var egentlig gaaaanske skeptisk når eg såg oppskrifta. Korleis kan kun egg og olje bli majones? Ulogisk i mine auger, men det gjekk faktisk overraskande bra og den vart veldig god. ;)


Aïoli (eller kvitløksmajones)

2 eggeplommer
4 kvitløksfedd
Havsalt
4 dl solsikkeolje
Sitron
.
Hakk opp kvitløksfedd, og mos dei ilag med eggeplommane til ei fin masse. Hell over i ein glassbolle med nokre dråpar kaldt vatn i, og spe sakte med olje mens du vispar heile tida. Eg brukte nok ikkje 4 dl olje, men hadde i olje til eg syns det var ei passelig blanding. Ha i safta av ein halv sitron som avslutning. Enjoy! ;)

torsdag 27. mai 2010

Oppe før fuglane

God morgen! Det er sjelden eg står opp før klokka 05 altså. Kjæresten skal på kurs med jobben, så eg var snill (syns eg sjølv iallefall) og køyrde han til flyplassen. Han kjem ikkje heim før i morgon, så i kveld blir det jentekveld for alle penga. Må jo nytte muligheten, ikkje sant?!:)


Laga scones til kveldsmat i går, enkelt, kjapt og godt. :)
Ikkje heeeilt fornøgd med resultatet, men godkjent som første forsøk!


Vurderte å legge meg igjen når eg kom heim, 
men no har eg istaden kokt kaffi og ventar på P3morgen. 
My favourites ♥  Ha en fiiiiiiiin torsdag!

onsdag 26. mai 2010

Robin Hood

Første sommarferiedag
vart feira med kinodate med kjæresten.


 Robin Hood var ein fantastisk film!
Bør sjåast på kino for best effekt av 
galopperande hestar og susande piler.

  
Og når Chess betalte eine billetten vart det ein enda betre opplevelse. ;)
Likar dealen, den skal definitivt utnyttast fleire gongar!

tirsdag 25. mai 2010

Knekkebrød

Prøvde meg på Cecilie Maria sine "Knallgode Knekkebrød" i går. 
Og jammen hadde ho rett, dei var knallgode!

Bildet er lånt fra Cecilie Maria

Eg delte oppskrifta på 3, og laga berre eitt brett i går, men neste gong skal eg lage fleire. 
Trur eg må kjøpe meg fleire kakeboksar, uten julemønster kanskje?!

I dag blir det en siste finpuss på oppgåva før vi leverer og tar ferie! :)
 
Blogglisten