onsdag 30. juni 2010

Streetdance 3D

Eg tok med meg Magnhild på kinodate mandag, og lot gutta boys få litt kvalitetstid her heime. :) Ser filmen har fått dårlig kritikk rundtomkring, men vi kosa oss og satt iallefall igjen med godfølelse i kroppen etter å ha sett Streetdance i 3D. :)

lørdag 26. juni 2010

Frokostsmoothie - forsøk 1

Eg har veldig lett for å bli matlei, spesielt med tanke på frokosten. 
Men om sommaren fristar frukt og bær ekstra mykje, og ikkje minst smoothie!

Googla 'frokostsmoothie' og fann mange gode (og sunne!) oppskrifter,
vart inspirert og sykla til butikken for å handle inn litt godsaker. ;)


I dagens smoothie hadde eg...


2 egg
2 ts Splenda
100 g frosne jordbær
2 ss olivenolje
0,5 dl soyamelk med vaniljesmak

Eg vispa egga ilag med Splenda til eggedosis, og hadde deretter resten av ingrediensane i blenderen. 

Med desse ingrediensane får ein eit komplett måltid med protein og fett, og ein held seg mett lenge. I dei fleste oppskriftene vart det anbefalt kokosolje eller olje med lite smak, men eg tok det eg hadde her heime. Skjønnar no kvifor. ;) 

Note to self: 
  • Få tak i olje uten smak (f.eks. MCT-olje)
  • Kjøp sugerør! ;)

fredag 25. juni 2010

Øsepøs


Eg syns det er heilt greit å jobbe når det likevel regnar ute,
så kan sola heller komme tilbake når eg har fri. ;)

torsdag 24. juni 2010

Muse + Twilight

No er det berre ei lita veke til premieren på Twilight-film nummer tre, 
og mindre enn ein månad til eit av sommarens høgdepunkt; Muse-konsert i Bergen.

Derfor syns eg det passar godt å kombinere to favorittar.
Høyr Muse sin Neutron Star Collision (Love Is Forever) fra Twilight Soundtracket. LOVE IT

tirsdag 22. juni 2010

Regines Bok


Eg fulgte Regine sin blogg lenge før ho så alt for tidlig måtte gi tapt mot kreftsjukdomen, 
og har lenge hatt lyst til å lese boka. Eg har endelig fått tak i den, 
og ser for meg at eg har nokre tårevåte kveldar framfor meg.

mandag 21. juni 2010

Sol, sol, kom igjen!

 

Med fin bikini i boks, kan eg ikkje gjere anna enn å vente på sommaren. :)
Sol og blå himmel er allerede på plass, men kor er det blitt av varmen?

søndag 20. juni 2010

Fargerik søndag

Ein kan ikkje anna enn smile når ein ruslar
gjennom favorittgata i Stavanger ein solrik søndag.
Med is i eine handa, fin kjæreste i den andre, 
og koselig besøk av to kjekke brødre på bytur. 







"Livet er for kort til å være grått. 
Fyll deg selv og dine dager med farger."
 
Blogglisten