mandag 14. juni 2010

Change of plans


Eg har aldri vore nåke impulsmenneske, men av og til slår eg til eg òg.
Etter som vi begge har fri nokre dagar, bestemte vi oss for å reise heim ein snartur.
Bestilte flybillettar, pakka bagen og flaug heim - alt i løpet av søndagskvelden.


Svært få visste at vi kom heim, så det var kjekt å kunne overraske
mi kjære mamma på bursdagen. Hipp Hurra! :)

fredag 11. juni 2010

Min Nike Challenge - so far

Eg har som tidligare nemnt ein Nike Challenge på gang. 50 km skal passerast innan juni månad er over. Den første veka jobba eg mykje og tida gjekk fortare enn fort. Derfor vart det berre småturar, og eg har ikkje fått tatt fatt på utfordringa før i går. Utfordraren ligg derfor eit godt hakk framfor meg...


I går kom eg endelig skikkelig i gang, og det vart 6,5 km i sola i Sørmarka. I dag vart det innendørs pga øsepøseregn, men 9,1 km på tredemølla gjer godt det òg. Meget god følelse i kroppen, og ein smule stiv i beina no. ;) Gler meg til å ligge på sofaen i kveld, her skal vi kose oss med heimelaga pizza og film. Fredag er definitivt min favorittkveld. :)

 Ha en nydelig kveld, fintfolk ♥
Pssst! Om nåken skulle føle seg kalla til å vere med på ein Blogger-Nike-Challenge, så tar eg utfordringa! ;)

onsdag 9. juni 2010

Nydelig dag

 

Morgenkaffi i hagen.
Sol frå knallblå himmel.
Temperaturen nærmar seg 24 grader.
Henriette skal på jobb. Typisk! ;)

Nyt det den som kan

mandag 7. juni 2010

Dagens grilling

I dag har vi hatt ein deilig dag i sola, 
og grilla både oss sjølve og middagen. ;)
 
Dagens middag besto av kyllingspyd/nakkefilet,
bakte poteter, god salat og min kjæres eineståande tzatziki.






La det bli mange fleire deilige sommardagar! 
I'm lovin' it! :)

søndag 6. juni 2010

Trening (?) Veke 22

Eit innhaldsrikt treningsinnlegg blir det ikkje denne veka, då eg har jobba kvar dag og ikkje gidda (!) å trent i tillegg. Men har trakka nok på butikkgolvet, dessverre uten Nike-skoa ;) Har en Nike + Ipod Challenge på gang med ein kompis, 5 mil innan juni månad. Det skal vel vere overkommelig!?  Klarte så klart å gløyme Ipod-dingsen når vi reiste på 'fjellet' i dag, så eg har enda 5 mil igjen. ;)

Har hatt ein heilt nyyyydelig søndag, kunne ikkje blitt meir perfekt! Starta dagen med å bake rundstykker (ein må jo ha niste på tur, müsli er vanskelig;) og ete frokost i sola med han fine. Deretter pakka vi sekken og reiste avgårde på fjelltur ilag med Magnhild og Arnte. 

Lifjellet (282 moh - fjella har ikkje akkurat Nordfjord-standard her nede!) var målet.

 (Utsikt mot Stavanger, vi bur cirka midt på bildet her)

Vêret var heeeilt nydelig, og turen og utsikta like så. Perfekt søndagstur!


Etter ei kraftig stigning og høg puls nådde vi toppen, 
og rundstykker med brunost og kakao smakte ekstra godt i den friske 'fjellufta'! 


På vegen heim stoppa vi i Sandnes og kosa oss med is, 
før vi reiste heim og åt nydelig laksemiddag med agurksalat og søtpotet i hagen.
Etter at vi fekk oss hagemøblar har vi hatt alle måltid utendørs, er så herlig! :) 

No skal vi tilbringe resten av kvelden på sofaen, 
først fotballkamp (Heia Brann) og så filmkos med kjæresten.  
Blir godt å legge seg i kveld, med rosa nase og skuldre, slitne bein og eit smil om munnen ♥

Har du hatt ein fin søndag? :)

torsdag 3. juni 2010

Halv pris på heile butikken!

Eg har tidligare skrive om det å jobbe i Stavanger sentrum, men dei siste dagane har eg jobba på Kremmerhuset på Norges største kjøpesenter, og det er jo enda verre! 

Ikkje nok med at ein går forbi alle dei fristande butikkane fleire gongar om dagen, ein får òg slike beskjedar over høgttalarane titt og ofte: "BikBok feirer i dag sommeren med halv pris på hele butikken". Halv pris? Heile butikken? Som musikk i mine øyre. ;)

Eg måtte jo så klart innom, berre ein liiiiiiiten tur. Og det var kaos, og det var kø. Ikkje heilt mi greie. Butikken var ganske utplukka, men eg klarte å få med meg bittelitt likevel.:)


To basic toppar til trening, in Swedish colors.


Og to tights i 3/4 lengd, marineblå og mørk grå. :)
Altså, ikkje nåke spennande, men basic er bra!

Tar på å jobbe kvar dag når en ikkje er vant med sånt. ;) Beina mine er ikkje laga for å trakke rundt på butikkgolv heile dagen. Føtene verker, og trening og husarbeid fristar lite. 
Derfor var det vannvittig godt å komme heim til nyvaska leilighet i dag -  heilt fantastisk!
Tusen takk, verdens beste kjæreste

tirsdag 1. juni 2010

Heimelaga Müsli

Etter som eg ikkje kan ete kveitemjøl eller nøtter,
har eg ikkje klart å finne müsli eg kan ete, 
men no har eg funne min nye frukostfavoritt!

Eg tok utgangspunkt i Tonje si oppskrift (sjå der for framgongsmåte!),
men tilpassa den til min vanskelige mage. 

Mi blanding vart slik;

5 dl små havregryn
2 dl havrekli
3 dl solsikkefrø + sesamfrø + linfrø

1,5 dl varmt vatn 
4 ss honning


Utruuuuulig god!
Eg et den med soyayoghurt eller havremelk,
rosiner, tørka frukt, eller fersk frukt og bær.
 NAM :) Sunt og godt!
 
Blogglisten