fredag 30. april 2010

Sola er min beste venn


Syns dette langtidsvarselet var verdt eit eige innlegg. 
No har det regna i massevis i tre dagar, og eg er klar for SOL!
Sola skal nytast innimellom (u)frivillighetsarbeid for MaiJazz
litt jobb, litt oppgåveskriving og ein etterlengta frisørtime. 

No er det straks tid for jobb for meg, 
men må seie at det ikkje er så aller verst å tilbringe dagen på Kremmerhuset ;)

Fin fredag til deg! ♥

onsdag 28. april 2010

Koselig pakke


Ein koselig pakke og eit enda koseligare brev låg overraskande i postkassa mi ein dag. Innpakka i lilla silkepapir låg to søte skeier og ein finfin brødduk frå Greengate,
no gjenstår det berre å skaffe seg ein brødkurv å ha den i! ;)

(Ingeborg, forlover-Eva dessverre med ryggen til, 
og forlover-Henriette i blå kjole i Ingeborg sitt bryllup sommaren 2009 ;)

Tusen takk, Ingeborg ♥ 
You're the best!

mandag 26. april 2010

Små og søte

Må berre vise dåkke desse bittesmå og søte neglefilene
som eg fann hos Søstrene Grene i dag. 


Betalte den nette sum av 1,24 kroner pr stk! ;)

søndag 25. april 2010

Trening Veke 16

Denne veka har eg hatt ei god treningsveke, god for å vere meg iallefall! ;)

Den har sett slik ut;

Tirsdag: Spinning (60 min)
Torsdag: 7,2 km på tredemølle (60 min)
Fredag: Spinning (45 min)
Søndag: Body Pump (60 min) 

Tredemølleøkta er kanskje ikkje noko å skryte av, men etter som at eg ikkje likar å jogge var dette ganske stort for meg. ;) 

Håpar neste veke blir minst like bra, til tross for at eg har fleire timar på jobb og dermed mindre tid til trening. Motivasjonen er iallefall på topp, og det er herlig å merke at formen betrar seg for kvar gong.


 Motivasjonsbilde ;)

I kveld skal vi til Sandnes Idrettspark og støtte vårt kjære Sogndal på fotballbana, og så håpar eg at eg får tid til å rusle meg en liten tur til nærmaste Brun & Blid. Litt sol på kroppen gjer godt for kropp og sjel!

vi treng litt sunne ideal her i verden! Og det er akkurat det ho er. :)

lørdag 24. april 2010

Eos Lemon Drop


Denne var den einaste som vart med meg heim i dag. 
 Men den er eg veldig fornøgd med altså! ;) 
Med god konsistens, solfaktor 15 og smak av Fox blir nok dette årets favoritt.

Mislykka jakkejakt? Ja, tja, muligens.. Fann ikkje the one,
men eg fann ei mørkebrun skinnjakke som eg vart litt betatt av!
Trur nesten eg må tilbake på mandag og sjå om dei fortsatt har den inne...

fredag 23. april 2010

Thank God It's Friday

Då var energien tilbake, og frifredagen virkelig har blitt brukt for alt den er verdt. Eg har baka rundstykker, vore på spinning, og kjæresten og eg har vaska leiligheta frå topp til tå. No står pizzadeigen til heving og vi skal ligge på sofaen i kveld, med beina på bordet og berre nyte livet. Ahhh. Lenge sidan eg har hatt frihelg no, det skal nytast. 

I morgon blir det rusletur i Stavangers koselige gater ilag med ei venninne. Shopping og lørdagskos i sola (forhåpentligvis). Eg er på jakt etter ei fin vårjakke, er muligens litt seint ute, men håpa på å finne ei likevel.

Kos dåkke og nyt fredagskvelden, for det skal vi! ♥

Åh, eg fekk forresten en fin og koselig pakke i posten i dag! Den får dåkke få sjå i morgon. :)

mandag 19. april 2010

Slappfisk

 

Lange dagar med forelesning, eksamensskriving, jobb og trening tar på. No ligg eg på sofaen under det gode pelspleddet mitt heilt tappa for energi, litt sånn som desse to fine ♥ 

I kveld skal vi kose oss med The Bachelor (en episode og du er hekta...) og Jack Bauer på nye eventyr. På menyen står  steikt ris med egg og kylling (Nam! Matvrak ja.. ;)

Lovar å kome sterkare tilbake på bloggfronten om ikkje så lenge! Skal berre levere eksamensoppgåve, jobbe litt og få tilbake energien i kroppen først ;)

Ha en fin mandagskveld ♥
 
Blogglisten