søndag 6. juni 2010

Trening (?) Veke 22

Eit innhaldsrikt treningsinnlegg blir det ikkje denne veka, då eg har jobba kvar dag og ikkje gidda (!) å trent i tillegg. Men har trakka nok på butikkgolvet, dessverre uten Nike-skoa ;) Har en Nike + Ipod Challenge på gang med ein kompis, 5 mil innan juni månad. Det skal vel vere overkommelig!?  Klarte så klart å gløyme Ipod-dingsen når vi reiste på 'fjellet' i dag, så eg har enda 5 mil igjen. ;)

Har hatt ein heilt nyyyydelig søndag, kunne ikkje blitt meir perfekt! Starta dagen med å bake rundstykker (ein må jo ha niste på tur, müsli er vanskelig;) og ete frokost i sola med han fine. Deretter pakka vi sekken og reiste avgårde på fjelltur ilag med Magnhild og Arnte. 

Lifjellet (282 moh - fjella har ikkje akkurat Nordfjord-standard her nede!) var målet.

 (Utsikt mot Stavanger, vi bur cirka midt på bildet her)

Vêret var heeeilt nydelig, og turen og utsikta like så. Perfekt søndagstur!


Etter ei kraftig stigning og høg puls nådde vi toppen, 
og rundstykker med brunost og kakao smakte ekstra godt i den friske 'fjellufta'! 


På vegen heim stoppa vi i Sandnes og kosa oss med is, 
før vi reiste heim og åt nydelig laksemiddag med agurksalat og søtpotet i hagen.
Etter at vi fekk oss hagemøblar har vi hatt alle måltid utendørs, er så herlig! :) 

No skal vi tilbringe resten av kvelden på sofaen, 
først fotballkamp (Heia Brann) og så filmkos med kjæresten.  
Blir godt å legge seg i kveld, med rosa nase og skuldre, slitne bein og eit smil om munnen ♥

Har du hatt ein fin søndag? :)

4 kommentarer:

  1. Ååå, det så helt nydelig ut!

    Sv: Tusen takk for omtanken:)

    SvarSlett
  2. Så flotte bilder.. Dette så helt herlig ut <3

    SV: Nei det blir litt for mye farger for min del også..

    SvarSlett
  3. Så koseleg =) Vi var på fjelltur igår :) 1169 moh :) Innlegg kjem :D Idag var vi på sykkeltur til Dalavatnet =) Også har vi grilla :) Nyyydeleg med fri og fint veir ;)

    SvarSlett
  4. høyres ut som den perfekte søndagen:)

    SvarSlett

 
Blogglisten