torsdag 11. februar 2010

Dagen derpå


Omtrent sånn såg det ut når vi var på Body Pump i går. Gløym rødsprengte ansikt, svettande kroppar og skjelvande leggar og lår. Timen var knallhard, men sååå deilig etterpå! :) 


I dag e eg stiv som en stokk, og det må vel vere et godt tegn? Haha. ;) No må eg berre vere flink og trene litt meir regelmessig. Er heldigvis lenge til bikinisesongen, etter som vi i dag våkna til nysnø igjen, begynne å bli litt (!) lei no. Kom sol, varme og vår! :)

onsdag 10. februar 2010

Tirsdagskos



Etter vel levert eksamen, tok eg meg en velfortent pause ilag med Magnhild. Vi rusla litt rundt i byen i det herlige vinterværet, kjøpte meg en finfin topp og et skjerf på salg. Kupp! ;)

Før eg tok turen på jobb, besøkte vi Sjokoladepiken. Der fekk vi den beste kakaoen eg har smakt i heile mitt liv. Heilt vannvittig god! We will be back..!

lørdag 6. februar 2010

Skrivelørdag

Eg kan ikkje tenke meg en bedre måte å tilbringe lørdagen på. (Jo, eg kan det also...) Eksamen skal leverast tirsdag, og det vil seie at helga må utnyttast til sitt fulle. Men i kveld blir det vin og kos, så no må eg faktisk gjere en liten innsats for å gjere meg fortent til det.

Burde forresten vore mulig å låse PC'en til kun Word-bruk i eksamensperiodane, e så alt for mykje som frista meir enn skriving akkurat no...

fredag 5. februar 2010

Ditch the workout, join the party!

Denne veka har det ikkje blitt mykje trening på meg, men håpa på å ta det igjen neste veke. Då er det gratis å trene for dei som ikkje er medlemmar på SIS Sportssenter, og eg skal dra med Magnhild på mange morsomme tima.

Vi har plana om å prøve oss på Zumba, det ser så utrulig kjekt ut! Så spørs det berre om det er nåke for meg som ikkje har et snev av rytmesans i kroppen...



torsdag 4. februar 2010

Heimlengsel

Er det rart at eg får litt heimlengsel når eg får slike bilder tilsendt frå pappa? 

 
 Saknar fjord og fjell, og å ha skiløypene rett utanfor døra. Tenk om eg kunne tatt skia på beina og rusla av gårde i strålande sol og knallblå himmel, med appelsin og kakao i sekken.

Reality check.
Eksamensoppgåva i Diversity Management er ikkje på langt nær ferdig,
så eg blir nok sittande framfor PC'en i helga òg. Nyt det dei som kan!

tirsdag 2. februar 2010

Kakao i kulden


I dag har eg vore på koselig bytur med Magnhild. Deilig å kunne slappe av, gå på kafé og kose seg litt av og til. Og ikkje minst veldig kjekt å ha gode venninner i nærheten. Fekk kjøpt bursdagsgave til en liten (?) bror og en søt cardigan til meg sjølv. Stavanger e dekka av snø, og no er det så kaldt at det ikkje ser ut som det skal forsvinne med det første heller. Godt vi kan kose oss inne i kulden, no er det kakao og Frustrerte Fruer på gang. Ha en fin kveld du òg! 

mandag 1. februar 2010

Måndagsbarn

Eg e ei av dei som syns det e veldig deilig å ha god tid om morningen. Dusje, bruke lang tid på badet, ete en god frokost og sitte (lenge) foran pc'en med en kopp kaffi og lese siste nytt fra den store verda. Vi har ikkje undervisning denne veka, ergo; eg kan gjere dette kvar morning, hurra! Treng vel ikkje nevne at veka eeeeegentlig er satt av til oppgåveskriving? 

Etter en slow start på dagen pakka eg meg inn i ull og drog med meg joggeskoa ut på tur. Men det å jogge på is og snø, det ekje berre berre!

Sånn ser en ut når en har jogga og e overlykkelig fordi en kom seg heimgjen med alle beina i behold. :) ..raud nase og sminkelaus, lovely!

Kvar søndag lagar kjæresten og eg middagsmeny for den komande veka, og så fær vi på storhandel mandagane. Det anbefala eg dåkke på det sterkaste å prøve. Så deilig å sleppe å stresse med å fundere på ka en skal ha til middag kvar einaste dag. Og så e det jo faktisk økonomisk gunstig.

I dag laga vi en fantastisk kylling- og pastasalat, i et desperat forsøk på å vere sunne. Om den vart sunn veit eg ikkje, men den va iallefall vannvittig god - om eg får lov å seie det sjøl. ;)
 
Blogglisten