onsdag 17. mars 2010

Flower Power

Eg har fått en fasinasjon for fine, sommerlige og blomstrete ting i det siste,
men som student har en dessverre ikkje overflod av pengar til å bruke på alt en har lyst på.
Men då må det vere lov å drøyme seg vekk litt, og vindusshopping på nett går an det òg. :)

Skjerf fra HM

Smykke fra HM

Topp fra Cubus 

 
Sengesett fra HM

  Tøysko fra DinSko

Armband fra HM

søndag 14. mars 2010

Gult er kult


Eg berre måååå vise dåkke påska hos Kremmerhuset,
der er så utrulig mykje fint i butikkane no!

En liten & søt nostalgisk harepus har lyst til å vere med meg heim og pynte opp i stova, 
  dei finaste påskeegga skal fyllast med masse påskegodt til koselige kveldar,
og gule & kvitprikkete serviettar, skåler og eggeglas ville vært perfekt til påskefrokosten.

Gleda meg til påske eg!






lørdag 13. mars 2010

Henrietta Rocks!


Likte Sarah sine bilder frå Rottnest Island (Australia)
så godt at eg må berre dele dei med dåkke.


Herregud, sååå vakkert!
I wanna go there! :)

Bildene er lånt frå Sarah Anderson, forgive me

fredag 12. mars 2010

Herlige fredag!


Våkna opp til knallblå himmel og strålande sol, 
med den finaste kjæresten ved siden av meg. 
Eg trur dagen i dag blir finare enn på lenge. 
 Snøen smeltar, sola varmar og eg kan kjenne at våren er på veg. Herlig!

Vi har vore på butikken og handla inn til helga, 
en deig står til heving på kjøkkenbenken og skal snart forvandlast til gode rundstykker, leiligheta skal shinast og bli skinnande rein, før eg tar en liten tur på jobb.
I kveld blir det Taco & TV-kos med kjæresten, just the way I like it.


Ha en nydelig fredag du òg.

onsdag 10. mars 2010

Speltrundstykker

Etter som fleire har etterlyst oppskrift på rundstykkene mine, kjem oppskrifta her.

Ingredienser til 8-10 rundstykker

1 dl Appelsinjuice
1 dl Lettmelk
1 dl Vatn
2 ss Nøytral olje
1 stk Eggeplomme
1 pk  Tørrgjær
1 ts Salt
1 ss Splenda (eller Sukker)
Ca. 1 liter Sikta Speltmjøl

Bland halvparten av mjølet med resten av dei tørre ingrediensane, og bland deretter inn all væska. Tilsett deretter 1-2 dl av mjølet om gongen, og elt det heilt inn for kvar gong.

Forhevast først i 30-40 minutt, bakast deretter ut til 8-10 rundstykker, og etterhevast i 30 minutt.

Penslast med sammenvispa egg, og strø med sesamfrø, valmuefrø eller etter eige ønske.
Eg hadde raspa ost på mesteparten, veeeeldig godt. ;)

Steikast på 225 grader, litt nedanfor midten i ovnen, i cirka 10 minutt. Avkjølast på rist. 

ENJOY :)

tirsdag 9. mars 2010

Bakermester Harepus

Med cappucino i favorittkoppen (at the moment) og PC-ladderen endelig på plass, er eg tilbake i bloggverden. Får nesten litt abstinensa av å vere uten datamaskin, men hadde nok godt av eit par dagar uten, kan bli mange nok timar framfor skjermen som student..

(lova å ikkje vise koppen i kvart einaste innlegg altså...)

Den siste veka har eg hatt litt bakekick. Då eg var heime vart det laga haugevis av muffins og knekkebrød, fredag vart det focaccia og lørdag baka eg fine rundstykker, knallgode! :)


Sidan eg ikkje kan ete kveitemjøl går det for det meste i speltmjøl. Etter at eg fekk boka Bak med spelt til jul (superfin bok med mange gode oppskrifter forresten) har speltbaksten gått leikande lett, og då er det kjekt å bake. Og ka er vel bedre enn fersk gjærbakst? 

fredag 5. mars 2010

Greengate love

Det har vore stille på bloggfronten hos meg den siste veka. Delvis grunna naturlege årsaker, og delvis fordi eg er den største kløna i verden.
 
Då vi forrige torsdag satt på Gardermoen halve dagen, såg vi en episode Life Unexpected (som eg forøvrig anbefala på det sterkaste) for å korte ned på ventetida. På ein eller anna måte har eg då klart å legge igjen strømadapteret til PC'en ved gaten. Veldig irriterande og ei unødvendig ekstrautgift. Nytt adapter er iallefall bestilt, så no får eg berre håpe på bli lottomillionær for å få finansiert alle uventa ekstrautgifter som har kome den siste tida. Havna vel snart i luksusfellen eg òg, tar i mot donasjonar med takk! ;)

Eg nærmar meg med stormskritt min 26. (shit) bursdag og fekk ei koselig bursdagsgåve frå tante, onkel og søskenbarn når eg var heime i helga. Mine to første Greengate Latte koppar og ein søt liten boks fra samme serie! Kjærlighet ved første blikk.

Kan ein forresten nokon gong få nok koppar? Eg trur ikkje det... ;)
 
Blogglisten