onsdag 7. april 2010

God morgen

 


Tidlig oppe. (frivillig!)
Trøtt i augene.
Kaffi i koppen.
Frokost i magen.
Kjæresten på jobb. 
Stearinlys på bordet.
P3 morgen på radioen.
Eksamensinnspurt på gang.

God morgen :)

tirsdag 6. april 2010

Tilbake til kvardagen

Skulle så gjerne ønske at påskeferien varte litt lenger, berre litt. Har vore godt å sleppe å ha vekkerklokke på om morningane, sove lenge, ete god mat og berre slappa av. Men no har vi tømt skapa for påskegodt og skal tilbake til kvardagen med hard trening, sunn mat, vekkerklokke og rutine. Skal bli litt godt det òg. :)

Det nærmar seg innspurten på eksamensoppgåva mi, i løpet av morgendagen skal den gjerast ferdig og printast før levering på torsdag. Deretter blir det jobbing resten av veka.

Litt bilder fra søndagsturen til Vannassen;

 




Med mitt nye tubeskjerf fra Gina Tricot, which I love.


Akkurat no står vasking av leilighet på planen, 
før vi skal på butikken og fylle kjøleskapet med sunn mat og gode grønnsaker.
Ha en fin tirsdag! :)

mandag 5. april 2010

Toll / Moms - oppklaring :)

Har fått nåken spørsmål angåande toll og moms på bestillingar frå Feelunique, og utlandet generelt. Her kjem ei lita oppklaring! ;)

Dersom prisen på varen din er under 200 kroner, treng du ikkje vere redd for tilleggskostnadar, varen blir då ikkje momsbelagt.

Etter som Feelunique ikkje har fraktkostnadar på varene sine er ikkje dette et tema her, men generelt sett skal ikkje fraktprisen reknast med. Det vil seie at dersom du kjøper ei vare til 199 kroner og frakta er 51 kroner, får varen en totalpris på 250 kroner totalt. Det er berre varens verdi det skal bereknast moms på. I dette tilfellet blir varen moms- og tollfri. 


For varer over 200 kroner må du betale moms, den ligg på 25% og blir berekna av totalsummen av varens verdi og frakt. Om varene du har bestilt overstiger 200 kroner, reknar du ut totalsummen (vare + frakt) og ganger dette med 1,25, og får då summen du må betale.

Det er òg toll på ein del varer, men dei reglane er litt for kompliserte til å sette seg inn i.

Meir forvirra no? :) DinSide sin toll og moms-kalkulator er veldig fin, enkel å bruke og gir deg svaret med en gang.




I tillegg er faktisk Feelunique så hyggelige at dei tilbakebetaler momsen, det kan du lese meir om hos Hilde Christina. Eg har benytta meg av dette fleire gonger, og pengane er på konto eit par dagar etter at kvittering er sendt på e-post. Fantastisk!

søndag 4. april 2010

Frisørshampoo online




Før (då eg var ung?) kunne eg bruke ka som helst slags shampoo, uten at håret mitt ropte om hjelp. No kan eg ikkje bruke vanlig butikkshampoo før håret reagerer på enten den eine eller den andre måten. Som kjent er frisørshampoo dyrt i salong, iallefall for lommeboka mi. 

MEN, ka har vi internett for? Eg har god erfaring med å bestille shampoo hos feelunique.com, kvalitet til en billigare penge - uten fraktkostnadar. No ventar eg speeeeent på pakke i posten, Tigi Bed Head Superstar Shampoo og Balsam er på veg til meg! Det einaste negative er leveringstida fra England, eg har jo ikkje tolmodighet til sånt - skal helst ha det med en gang! Men den som ventar på nåke godt ventar ikkje forgjeves... ;)

lørdag 3. april 2010

Skumkake / Kokosbollekake

Her kjem oppskrifta på ei søt (!) og god kake, som er veldig enkel å lage.
Sunn? Not at all :) Men det er jo lov å kose seg litt i påska....eller? ;)


Ingrediensar

4 Eggekviter
4 dl Sukker
1 ts Vaniljesukker
6 Plater Gelatin
1 dl Kokande Vatn

Legg gelatinen i kaldt vatn. 
Visp eggekvitene stive og bland i sukker og vaniljesukker, litt om gongen.

Klem vatnet ut av gelatinen og smelt den i det kokande vatnet. 
Rør gelatinen inn i eggekvitemassen og visp kraftig i ca 15 minutt (5 min i maskin).

Dryss litt kokosmasse på eit serveringsfat og sett ringen av ei springform oppå. 
Slå marengsmassen i ringen og sett det kjølig.

Løsne ringen frå den stivna kaka med ein kniv og løft den av.

Glasur

1 plate Kokesjokolade
1 Valnøttstort stykke Delfiafett
3-4 ss Kokosmasse

Smelt sjokoladen saman med fettet og smør glasuren utover kaka og dryss kokosmasse over. Settast kjølig til glasuren er stivna. Om du tar kaka ut av kjøleskapet ein time før den skal serverast, blir sjokoladen mjuk før servering og kaka lettare å skjere opp. 

Server og nyt. ;)

fredag 2. april 2010

Påskepynt


Har ikkje blitt så masse påskepynting her i heimen, men litt har det blitt. 
Greengate-koppen har fått en påskeliljefamilie som midlertidig leigeboer,
og kubbelysa har fått pynte seg med gule silkeband (fra Kremmerhuset).  


Desse små og søte egga vart fylte med masse godt for småfolk, 
og fekk vere med ungane i toppetasjen på hyttetur i påska. 

Vi har faktisk ikkje påskeegg sjølv i år, skandale ;)
Men påskegodt blir det vel nok av uansett...

torsdag 1. april 2010

Påskemiddagsuksess

 (kjæresten sin porsjon altså ;)

Etter som våre gode venner M og A reiser til Paris imåra tidlig tidlig, valgte vi å ta påskemiddagen på forskudd i går. Vertane sto for lammelåret, mens vi laga fløtegratinerte poteter og dessert. For et samarbeid og for en suksess. ;) Heilt nydelig mat og eit par glas rødvin førte til at alle fire låg stappmette og urørlige på sofaen etterpå, men klarte å få i oss litt av den gode Skumkaka likevel. (Oppskrift kjem!)

Har så vidt begynt på eksamensoppgåva mi i dag, men har lagt den i frå meg no. Resten av kvelden blir det sofakos med kjæresten ..og skumlefilmen Orphan, påskegrøss må til!
 
Blogglisten